- Os er indrefileten

Hytte, naust og 60 meter strandlinje til 6,8 millionar kroner, interessa er stor for hytte i det meklaren kallar indrefileten i Hordaland.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. aug. 2010 10:05

I skrivande stund er det fem fritidseigedomar for sal i Os kommune. Talet er sjeldan høgare.

- Austevoll er coming, men det mest attraktive området i Hordaland er frå Bjørnatrynet til Hjellestad, seier advokat og eigedomsmeklar Stein Herland.

- Mange som ser etter eigedom med strandlinje er samstundes interesserte i å bruka fritidseigedomen mykje. Høg standard og passe pendlaravstand til Bergen sentrum blir derfor viktig.

No opplever han stor interesse for ei eksklusiv hytte på Forstrønen ved Strøno.

Høg standard
I vår blei ei hytte på Brimsholmen ved Lespøy, med takst på 3,1 millionar kroner, selt for 550.000 kroner over takst. Over 50 møtte opp på visning.

- I skjergarden blir prisen ofte høg, også om hytta er liten eller treng rehabilitering. Det som er spesielt med denne på Forstrønen er at heile eigedomen, frå hamn og naust til hytte og bod, har gjennomført høg teknisk kvalitet. Dessutan er det berre 13 år sidan hytta blei bygd, seier Herland.

Eigedomen består av 1,7 mål stor tomt, 60 meter strandlinje, lun hamn, naust, bod og hytte med bruksareal på 175 kvadratmeter. Hytta har skifer på taket, flott ute- og innepeis i naturstein og er «lekker i linjene».

- At den ligg med god utsikt mellom Ervikane og Oksebåsen, i det skjerma Forstrønesundet der småbåtane glir forbi heile sommaren, er nok også eit pluss, trur meklaren.

Frå Oslo til Os
Det er eitt år sidan sist Herland kunne by på tilsvarande fritidseigedom i Os. Sjølv om prislappen i Forstrønen er på 6,8 millionar kroner trur han ikkje hytta kjem til å stå lenge for sal.

- Vi har fleire interessentar frå Bergen og til helga kjem det nokon over fjellet for å sjå på eigedomen. Også når eg sel fritidseigedomar i andre kommunar får eg spørsmål om Os, Os og Hjellestad er klart dei mest ettertrakta områdene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.