Os er med i cupen!
Etter ein jamspelt førsteomgang tok Os over og slo Vedavåg Karmøy i kampen om å vera med i årets fotball-NM.
Os vann fortent over Vedavåg Karmøy i onsdagens 2. kvalifiseringsrunde til NM. Christer Olsen gav Os leiing i 4. minutt, gjestane utlikna i 10. minutt.
– Det blei ein jamspelt førsteomgang. Vi blei litt oppjaga og stressa unødig etter utlikninga, synes Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
Os - Vedavåg Karmøy: 2-1 (1-1)
Målskårarar, Os: Christer Olsen (4.) og Ramo Racic (76.)
Dagens Os-spelar: Tore Valvik
– Os imponerte offensivt, dette var eit godt lag, synes Vedavåg-trenaren.
– Vi var ikkje gode nok med ball og fekk ikkje til det spelet vi ville. Då vi heller ikkje tok vare på dei sjansane vi fekk så blei det eit fortent tap, legg han til.
For i 2. omgang pressa Os frå start til slutt. Vea kom på nokre overgangar og hadde eit par sjansar. Os hadde spelet, sto høgt og skapte meir.
Men først eit kvarter før slutt kom Ramo åleine med keeper og trampa ballen i mål.
Os: Anders Kloven, Håvard Grøteide, Per Søgnen Mera, Torkel Hjertnes, Tor Erik Kjosås Berge, Fredrik Heggland, Stian Lunde, Tore Valvik, Erik Kanestrøm, Ramo Racic og Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Simen Lassen og Mats Lepsøe
Per Søgnen Merai blei småskadd tidleg i 2. omgang og gjekk ut. Inn kom ballsikre Simen Lassen. Lepsøe kom inn for Berge. Begge byta gjorde at Sperrevik gjorde visse rokeringar på laget.
Unge Håvard Grøteide spelte heile kampen og var stødig både på høgre og venstre back, Christer Olsen, som har vore ein del skadd delar av dei siste sesongane, viser framleis at han er i storform og jobbar mykje på topp. Det var han nær på å få løn for fleire gongar.
Tore Valvik styrte midtbanen og store delar av angrepsspelet og blei kåra til dagens Os-spelar.
– Kjekt for klubben
– Eg er lei sånne jamne kampar no, det tar på, ler Tim etter kampen.
Os vann første kvalifiseringkamp på overtid, 3-2 over Smørås. I første serierunden sto det 1-1 før Stian Lunde putta det avgjerande 2-1-målet over Bjarg laurdag.
– Men det er godt at vi klarte å kvalifisera oss. Dette er kjekt sportsleg, det betyr litt økonomisk for klubben og det blir spennande å sjå om vi kan få ein storklubb til Kuventræ igjen.
Vil du sjå fotball på Kuventræ til helga kan du sjå Os 2 mot Fusa søndag klokka 16.
Neste kamp for A-laget blir borte mot Åkra laurdag. Vedavåg Karmøy slo Åkra 4-0 i første kvalifiseringskamp til NM. Ifølgje trenaren var dei nærmare 7-0 enn 4-1.
Første NM-runde blir spelt 1. mai.
Fleire resultat frå 2. kvalikrunde:
(Sjå alle resultata her)
Stavanger - Havørn 3-0
Øystese - Hovding 8-1
Bjarg - Radøy Manger 3-2
Austevoll - Sotra 5-2
Arna Bjørnar - Varegg 2-1
Voss - Årdal 2-1
Florø - Førde 2-1