Sport | 08. mars 2018

Os er større favoritt enn Rosenborg

... men kven har oddssetjarane nest mest tru på i årets 4. divisjon?

Os er større favoritt enn Rosenborg
Coolbet har stort tru på Christoffer Hafsås og Os i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. mars 2018 13:52

Oddssetjarane held Os som storfavorittar til å rykka opp frå 4. divisjon avdeling 1.

Opprykk til Os gir berre 1,4 i odds. Til samanlikning, nokre nivå lengre oppe, er det 1,5 i odds for seriegull til Rosenborg i år.

– Os rota det skikkeleg til på slutten i fjor og rykte ned på overtid, på målforskjell, då Stord pøste inn mål mot Haugesund 2 på slutten av kampen.

– Det er veldig få som kan utfordra dei om tittelen, men Sund og NHH skal kunna vera med i kampen om å bli topp 3 denne sesongen, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet.com.

6 og 9 i odds på Sund og NHH

Vinnaroddsen på Os er 1,40, mens utfordrarane Sund og NHH gir 6 og 9 i odds som serievinnar.

Bak følgjer Loddefjord og Vestsiden-Askøy, begge med 12 i odds.

– Vi blir veldig overraska om ikkje Os tar heim denne avdelingssigeren, seier Mellqvist.

• Karl Kvile: 20 prosent sjanse for opprykk

Blant dei tre nyopprykka til 4. divisjon, Frøya, Valestrand Hjellvik og Telavåg, har Coolbet mest tru på Frøya, mens dei to andre er tippa i botnen.

Austevoll, som til saman har supplert Os med tre spelarar, blir tippa blant dei nedste tre laga.

Her er Coolbet sin odds på alle i avdelinga:
Os 1,4
Sund 6,0
NHH 9,0
Loddefjord 12
Vestsiden-Askøy 12
Fyllingsdalen 2 15
Lyngbø 20
Frøya 75
Sandviken 125
Austevoll 125
Valestrand Hjellvik 125
Telavåg 150

I 3. divisjon er Lysekloster favoritt til 2,75 i odds

Sesongstart og siste treningskamp

Os speler treningskamp mot Varegg onsdag om ei veke, den første av vinterens treningskampar som går på Kuventræ.

Onsdag om to veker er det sesongstart med NM-kvalifisering borte mot Stord.

Seriestart er måndag 9. april borte mot Fyllingsdalen 2.

• Midtsiden samleside: Fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.