Lokal | 03. okt. 2016

Os får ansvaret for Austevoll

Politiet vil ikkje legga ned lensmannskontoret på Os. Kontoret er foreslått som ein av ti nye tenesteeiningar i nye Vest politidistrikt.

Os får ansvaret for Austevoll
Os-lensmann Oddbjørn Dyrdal har vore sentral i arbeidsgruppa som no legg fram sin konklusjon for politimesteren og styringsgruppa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 03. okt. 2016 10:49

Bildeserie:

Slik er forslaget frå arbeidsgruppa med fire nye geografiske driftseiningar (ill: politiet)
Slik er forslaget frå arbeidsgruppa med fire nye geografiske driftseiningar (ill: politiet)
Det alternative framlegget har sju geografiske driftseiningar (ill: politiet)
Det alternative framlegget har sju geografiske driftseiningar (ill: politiet)
1 av 2
Slik er forslaget frå arbeidsgruppa med fire nye geografiske driftseiningar (ill: politiet)
Det alternative framlegget har sju geografiske driftseiningar (ill: politiet)

Den interne arbeidsgruppa i Vest politidistrikt kom i dag med si tilråding i korleis politidistriktet bør organiserast i framtida.

Gruppa, som har vore leia av Os-lensmann Oddbjørn Dyrdal, er delt i si tilråding og har difor fremja eit forslag og eit alternativ som dei vil presentera for politimester Kaare Songstad og styringsgruppa med 40 kommunar/regionsråd førstkommande onsdag.

Færre kontor

Forslaget innheld 25 tenestesteder i 10 tenesteeininger fordelt på 4 geografiske driftseininger. Alternativet foreslår også 25 tenestesteder, men ser for seg 13 tenesteeininger i 7 geografiske driftseininger.

Begge løysingane tyder at ein legg ned dei fysiske kontora 21 stader i dei to fylka politidistriktet dekkjer, blant anna i Samanger og dei tre Bergenskontora Bergen nord, Bergen vest og Bergen sør.

Os og Austevoll som éi eining

I begge dei to framlegga er Os og Austevoll foreslått som ein tenesteeining med tenestestad i begge kommunane.

– Det tyder at tenesteeiningsleiaren vil sitta på Os og få ansvaret for begge dei to tenestestadene. I både forslaget og alternativet er dette likt, forklarar Oddbjørn Dyrdal.

I høve Os sine nabokommunar skil dei to framlegga seg litt. I forslaget er Kvam (inklusive Samnanger) foreslått som tenesteeining med Kvam, Fusa og Tysnes som tenestestader. I alternativet er desse splitta til to tenesteeiningar. Kvam og Tysnes, med Tysnes og Fusa som tenestestader.

Kan bli hovudkontor

Kor dei geografiske driftseiningane, eller hovudseta for dei nye større områda, skal komma er førebels ikkje avklart, men Os er i begge framlegga eit av tre alternativ som geografisk hovudsete.

– Det er ikkje tatt stilling til frå arbeidsgruppa. Det vil politimeisteren gjera innan 1. desember, etter at rapporten har vore ute på høyring i kommunane. Det som står er at leiar av ein geografisk driftseining også skal vera leiar av ei tenesteeining, seier Dyrdal.

Ikkje aktuelt å legga ned Os

Dyrdal fortel at det ikkje har aktuelt å legga ned kontoret på Os.

– Det har vore naturleg for alle i arbeidsgruppa å tenkje at Os skal vera med videre med tanke på den folkeveksten og dei utfordringane ein står overfor her. Det var eit tema på eit tidleg stadie å slå samman Stor-Bergen, men det såg arbeidsgruppa blei for ambisiøst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.