Sport | 20. apr. 2012

Os får heimekamp i NM

Sjekk kven Os møter i første NM-runde!

Os får heimekamp i NM
Sist Os tok imot Åsane på Kuventræ blei det 1-0-siger (2010). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. apr. 2012 15:19

Fredag 20. april blei trekninga av oppsett til 1. runde utført.

Sjå heile oppsettet på fotball.no.

Os får heimekamp onsdag 2. mai (klokka 18.00). Motstandar blir 2. divisjonsklubben Åsane.

– Når ikkje vi får eit eliteserielag var dette kanskje beste motstandar å få, i alle fall når vi går opp ein divisjon, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

– I cup blir divisjonsforskjellen på eitt nivå fort jamna ut om det eine laget er meir på enn det andre. På Kuventræ kan vi fint slå Åsane og håpa på endå meir spennande kamp i 2. runde.

Overtent Leik?

Sist Os spelte mot Åsane på Kuventræ var i 2010. Då enda det med heimesiger 1-0. Den viktige bortekampen i nest siste runde enda med 3-1-tap i sesongen Os rykte ned til 3. divisjon igjen.

– Det blir uansett kjekt å sjå Vegard Leikvoll Moberg på Kuventræ igjen, sjølv om han no har oransje drakt.

– Blir han litt overtent når han skal visa seg på sin gamle heimebane så talar det til vår fordel, ler Vegard sin gamle lagkamerat, Tim.

Bjarg møter Brann

Brann, som sto øvst på Tim si ønskjeliste, møter Bjarg på Bjarg sin bane i Fana.

Blant andre eliteserieklubbar møter Stabæk og Bjarte Haugsdal Lommedalen og Tiller tar imot Rosenborg.

Andre interessante oppgjer:

Tysdag 1. mai 18.00
Flekkefjord - Viking
Staal Jørpeland – Sandnes Ulf
Avaldsnes – FK Haugesund
Austevoll – Nest-Sotra
Bjarg – Brann
Arna-Bjørnar – Fyllingsdalen
Voss – Fana
Florø – Sogndal
Sunndal – Molde
Tiller – Rosenborg

Onsdag 2. mai kl. 18:00
Stavanger – Ålgård
Øystese – Vard Haugesund
Os – Åsane

Sjå heile oppsettet på fotball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.