Lokal | 12. okt. 2017

Os får mest i Hordaland

Statsbudsjettet • Os kommune får ein vekst på 4,4% i frie inntekter frå staten.

Os får mest i Hordaland
Os kommune blir ein av budsjettvinnarane i statsbudsjettet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. okt. 2017 09:22

Torsdag blei statsbudsjettet presentert i stortinget. For kommunane er det mest spennande å sjå kva regjeringa foreslår i høve overføringar til kommunane, og då spesielt knytt til dei frie inntektene som kommunen sjølv styrer bruken av.

– Regjeringa sitt budsjettframlegg set kommunane i stand til å styrkje viktige velferdstenester. Det blir lagt særleg til rette for å styrkje helsetilbodet til barn og unge, tidleg innsats i skulen og å sikre eit betre tilbod til rusavhengige, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Os ein budsjettvinnar

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner.

– Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

I oversikta frå regjeringa kjem det fram at Os kommune er den kommunen i Hordaland som får høgast vekst med 35 057 000 kroner samanlikna med anslaga for 2017. Dette tilsvarar ei vekst på 4,4%.

Tilsaman er det foreslått at Os får 834 636 000 kroner i frie inntekter.

På plassane bak Os finn vi Fedje (3,7%), Austrheim (3,5%) og Bergen (3,1%). Fusa får ein vekst på 1,4%.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.