Kultur | 09. nov. 2019

Os får ny festival

Folk & Fjord: Vurderer å søkja om hovudscene på Steinneset.

Os får ny festival
– Vi vil ha fleire scenar i Os under festivalen. Ein hovudscene i kveldssola på Steinneset kunne skapt ei fantastisk stemning, seier Fjordfolk. (Foto: KVB, ill.: Oda Valle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. nov. 2019 09:23

Bildeserie:

Marthe og Christoffer i Fjordfolk. (Foto: KVB)
Marthe og Christoffer i Fjordfolk. (Foto: KVB)
Oda Valle har illustrert folkelivet Fjordfolk vil skapa.
Oda Valle har illustrert folkelivet Fjordfolk vil skapa.
1 av 2
Marthe og Christoffer i Fjordfolk. (Foto: KVB)
Oda Valle har illustrert folkelivet Fjordfolk vil skapa.

Under Bjørnafjordkonferansen tysdag blei det delt ut pengar frå Fjordfond, eit fond Sparebanken Vest og Bjørnafjorden næringsråd lanserte i september i fjor.

Ein av dei 8 søkjarane som fekk støtte til sitt prosjekt var Fjordfolk.

50.000 kroner går til ein ny festival, Folk & Fjord Festivalen, som skal sjå dagens lys i Os sentrum i juni 2020.

– Vi er veldig glade og takksame for støtta. Dette finansierer ikkje heile festivalen, men det betyr at vi kan jobba vidare med ideen, seier Christoffer Kobbeltvedt i Fjordfolk.

Festivalkartet er teikna av illustratør Oda Valle frå Os, og blei avduka på afterwork i Oselvarnaustet tidlegare i haust.

Folkefestival i sentrum og hamna

Det nye eventselskapet Fjordfolk har tatt sitt eige firmanamn, delt det opp og snudd det bak-fram, for å finna namn på festivalen.

Dei hadde skissa to eigne arrangement før dei starta Fjordfolk, konferansen som gjekk av stabelen tysdag, og festivalen som dei no har fått støtte til.

– Vi vil ikkje laga ein rein musikkfestival, men ein festival som skaper liv i heile sentrum, og langt utover i hamna. Nokre arrangement vil vi selja billettar til, mange andre blir gratis.

– Saman med Os Sentrumsforening har vi bestemt at Osdagane, som i mange år tidlegare heitte Marknadsdagane, blir innlemma i Folk & Fjord.

Tidspunktet blir første helga i skuleferien, altså i siste halvdel i juni.

Vil lytta til gode råd

Fjordfolk er i dialog med blant andre Oselvarverkstaden, Os kommune og eksterne aktørar for å laga eit spennande tilbod både i sentrumskjerna og ute i hamna. Oseana, som er på tampen av vårsesongen på denne tida, er òg blant dei Fjordfolk vil snakka med for eventuelt samarbeid.

– Vi ønskjer å visa oselvaren best mogleg fram, og generelt ha eit maritimt fokus i den store, fine hamna vår. Kanskje kjem det nokre spennande gjestar rekande òg.

– Folk seier dei saknar blues- og jazzfestivalen, og dei saknar brosteinsballet. Vi tar gjerne imot idear og ønskjer i den fasen vi er i no.

Trass i at pengestøtte har kome, og dei har ambisjonar om å få fleire økonomiske støttespelarar, vil Fjordfolk vera varsame med å ta høg risiko på første festival.

– Vi vil ha ein god hovudscene og vi vil prøva å booka spennande band, musikk er viktig.

– Men like viktig er den totale opplevinga av festivalen, på dagtid og kveldstid. Vi vil laga ein festival for heile familien, med fleire scenar og fleire gratisarrangement, så det blir eit arrangement som mange verksemder i Os kan tena på.

Steinneset står på ønskjelista som stad for hovudscene.

– Ikkje fordi det er einaste eller praktisk beste staden, men fordi vi ser for oss at det kan bli ekstra god stemning i kveldssola, heilt med fjorden.

– Nokre stadar HAR ein festival, nokre stadar BLIR ein festival. Vi ønskjer at heile Os sentrum skal bli ein festival denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.