Lokal | 02. aug. 2017

Os + Fusa får 4 mill

Kan starta planlegging av bru over Fusafjorden.

Os + Fusa får 4 mill
Helge André Njåstad og Laila Reiertsen på Hatvik ferjekai. Med tilskotet kan Os og Fusa byrja å planlegga bru som kan erstatta ferja.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 06:21

I samband med kommunesamanslåing mellom Os og Fusa, dei to blir éin kommune i 2020, er det søkt om midlar til betre infrastruktur mellom dei to.

Tysdag ettermiddag fekk fungerande ordførar Laila Reiertsen (Frp) i Os stadfestinga av stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) på Hatvik ferjekai;

Os og Fusa får 4 millionar kroner.

– Pengane skal gå til infrastruktur, no kan vi planlegga bru mellom Os og Fusa, seier Reiertsen.

Ny og styrka tilskotsordning

Os og Fusa har søkt på midlar frå ei ny tilskotsordning, ei ordning som kom på plass i fjor og blei styrka i år.

Tilskotsordninga kom på plass i samarbeid med KrF og Venstre i Stortinget i samband med behandlingen av statsbudsjettet for 2016.

– Kommunane kan søkja om støttetiltak til digitaliseringstiltak og etablering og forbetring av vegar - infrastrukturprosjekt som bidrar til å leggja til rette for og forsterka effekten av ein ny og meir hensiktsmessig kommunestruktur, fortel Njåstad.

Gulrøter i ny reform

Nasjonalt vedtak om sammenslåing i kommunereformen var ein føresetnad for å motta tilskot.

– Søknadene om tilskot viser nokre av mogelegheitene som ligg i å bygga ein ny og sterkare kommune sammen.

Tilskota kjem i tillegg til andre økonomiske støtteordningar i reformen.

– Det har vore viktig for oss i kommunalkomiteen å styrka gulrøtene i kommunereformen. Potten til infrastrukturtiltak er ein slik styrking, i tillegg til dei andre gulrøtene kommunane får.

Gangveg i Os og bru til Fusa

Det er søkt om midlar til:
1. Opparbeiding av gangsveg/tursti frå krysset Hauge/Fv 137 og busstopp ved Bøvegen, Os kommune
2. Utbetring av eksisterande undergang under Fv 552, Os kommune
3. Utarbeiding reguleringsplan for del av strekket Venjaneset – Eikelandsosen, Fusa kommune
4. Digitalisering av eigedomsarkiv, Fusa kommune

I tillegg blei det bedd om at søknad frå 2016 om tilskot til eit forprosjekt for å erstatta ferje over Fusa/Samnangerfjorden med bru igjen blir vurdert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.