Os gutar 15 etter siger i ein thriller av ein meistefinale. (Privat foto)

Os G15 blei kretsmeistrar

KM-finalen snudde to gongar og blei avgjort på straffekonk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For god for 2. divisjon skrev Midtsiden då 2003-årgangen til Os i fjor vann meisterfinalen.

I år har sesongen sett nesten lik ut.

– Vi meldte dei på i 1. divisjon, der vi spelte mange jamne kampar, men det blei dessverre nedrykk til sommaren, seier Dagfinn Norvik.

Hans Ole Mjånes er hovudtrenar, og har med seg Dagfinn Norvik og Morten Hamre i trenarteamet.

Sett vekk frå 0-4-tap for Brann har Os stort sett tapt med 1 til 2 mål i 1. divisjon, og spelt éin kamp uavgjort 3-3.

I haust har dei vore suverene, med 7 sigrar og 1 uavgjort på 8 kampar. Tysdag var det KM-finale mot Løv-Ham.

Hadde overtaket to gongar

Meisterfinalen gjekk hos Frøya på Melkeplassen.

Os tok leiinga, Løv-Ham utlikna, og så gjekk Os opp i 2-1.

– Løv-Ham er gode, og speler fin fotball. Det blei etterkvart ein thriller av ein kamp, fortel Dagfinn.

Det blei litt «texas» ein periode, og nokre gule kort.

– Vi hadde ein periode 9 mann på banen, og Løv-Ham gjekk opp i 2-3.

Spelarane byrja å bli slitne, og trenarteamet til Os såg at gutane deira to over. Dei ser på eigen tropp som godt fysisk trent.

Even Jentoft og Henrik Toft skåra dei to første måla. Då Os fekk frispark kort tid før slutt, sette Toft sitt andre for dagen og Os sleppte jubelen laus.

– Vi reknar oss sjølv som gode på straffar, men hamna under der òg. Men så redda William (Moberg Hetleflåt) eit skot, og Løv-Ham blåste ein over, dermed var sigeren i boks.

Norvik fortel om ei treningsvillig gruppe med god stemning mellom spelarane, og ein veksande garderobekultur der spelarane kjem tidleg til Kuventræ for å ha det sosialt før treninga startar.

– Nokre av spelarane blir av og til hospiterte opp til G16, samidig har vi av og til med oss nokre frå 2004-årgangen.

Os G15 2018 tropp:
1. John Philip Phimmaha Askeland
2. Erik Lind Norvik
3. Isak Sælen
4. Fredrik J. Ulvatn
5. Henrik Toft
6. Even Samnøen
7. Markus Nordland
8. William Moberg Hetleflåt
9. Simen Mjånes
10. Michael David
11. Tobias Bødtker
12. Markus Haddal
13. Bartek Kucharycz
14. Even Jentoft
15. Fredrik Brekke
16: Markus Hamre
I tillegg har laget brukt Victor Helle og Elias Sørås fra 04-kullet i fleire kampar.

Fleire saker