Sport | 03. aug. 2018

Os G19 rauk i kvartfinalen

Os hadde sjansene, men det var KFUM-kameratene som fekk ballen i mål.

Os G19 rauk i kvartfinalen
Os G19 rauk ut av Norway Cup etter å ha tapt 0-1 for KFUM-kameratene 
Andris Hamrefredag 03. aug. 2018 10:47

Fredag møtte KFUM-kameratene og Os kvarandre på TV2 banen på Ekebergsletta.

I den TV2-sendte kampen var det Os som tok føringa frå start og gjekk ut i eit høgt tempo.

– Dette kjem rett og slett til å bli eitt tett og tøft oppgjer. Det er to lag med intensjon å vinna Norway Cup, fortalde kommentatoren.

Allereie etter 48 sekund hadde Os sjansen då dei fekk frispark frå 20 meter. Harry Moore løfta ballen inn i feltet, men KFUM fekk rydda unna.

Os held fram med å halde trøkket oppe og var definitivt det beste laget dei ti første minutta. Etter 11.30 fekk osingane ei kjempesjanse då Førstrønen fossa gjennom på venstre kanten. Fabian Bødtker brann returen over mål.

To store sjanser

Utover i omgangen fall Os litt i tempo og heimelaget kom litt mer med, men framleis var det Os som var farlegst frampå.

Berre fire minutt etter pause var Forstrønen igjen farleg frampå, då han på ny fossa gjennom på venstrekanten, men KFUM-keeperen var vaken og parerte med beina.

Tre minutt seinare var Forstrønen igjen frampå, men på den litt humpete banen på Ekebergsletta fekk han ikkje heilt kontroll på ballen og keeper kunne igjen parere.

Utover i omgangen opna det seg litt meir opp, men det var vestlendingane som hadde føringa, heilt til det var gåt 56.35. Då kom KFUM på ein av sine få visittar i Os sin sekstenmeter. Vingen drar seg laus i feltet og sett ballen nede ved stolperota i det lengste hjørnet og tek KFUM opp i leiing 1-0, som held seg ut kampen.

– Vi må vel vera så ærleg å seie at Os var det beste laget utpå her, men det var KFUM som trakk det lengste strået, oppsummerte kommentatoren på TV2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.