Os hamn på full flo i dag

I natt blir det 25 cm høgare vasstand.

Ørjan Håland
14. januar 2020 - 15:13

I går blei det sendt ut oransje farevarsel grunna ekstremvêret «Didrik», som tar med seg fare for vasstand 70-80 cm over normalen i bergensområdet og Sogn og Fjordane.

Berre to gongar tidlegare dei siste 100 åra har det vore meldt om høgare vasstand.

For Osøyro sin del var det meldt 171 cm i dag og 192 cm natt til onsdag. 

No er det venta endå høgare flo (kl 01.46) i natt, heile 196 cm.

Også onsdag (flo kl 14.00) er det meldt høgare enn det som først var varsla, 190 cm.

Friskare vind i morgon

Vindstyrken i natt blir ikkje så kraftig som først meldt, 5-6 m/s frå sør i staden for over 10 m/s.

Men vinden kjem med større styrke i morgon, 8,5-9,5 m/s på dagtid, kanskje over 10 m/s på kvelden, framleis frå sør .

• Skaper vasstanden trøbbel der du er? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no