Sport | 04. okt. 2009

Os i 100

Med dagens suverene Os 2-siger har A- og B-laget til saman tatt 101 poeng og skåra 129 mål. Til no.

Os i 100
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. okt. 2009 19:01

I tredje siste kamp i det som kan bli opprykksesongen til Os 2 blei det 8-2-siger over Laksevåg. A- og B-laget har spelt 20 kampar kvar - her er nokre imponerande tal før sesongens to siste rundar:

62 (A-laget) + 67 (B-laget) = 129 mål
11 (A-laget) + 34 (B-laget) = 45 baklengsmål
55 (A-laget) + 46 (B-laget) = 101 poeng

- Eg har aldri vore med på lag som har skåra så mykje som desse Os-laga. I haust har vi ikkje tapt ein einaste kamp med Os 2, og vinn vi neste står vi klar til å overta A-laget sin plass i 3. divisjon, seier ein stolt Os 2-trenar Tore Nielsen.

Neste kamp går på bortebane mot Valestrand Hjellvik, klubben Os 2 konkurrerer om den andre opprykksplassen med.

- To gongar tidlegare, med Nymark og Trane, har eg vore hos Valestrand på Osterøy og øydelagt for deira opprykk. Eg håpar det skjer igjen - og sjølvsagt at A-laget rykker opp til 2. så vi får plassen deira.

5-0 til pause
I vår tapte Os 2 5-1 borte for Laksevåg. I dagens heimekamp tok Os leiinga allereie etter fem minutt. Til pause sto det 5-0 til Os sitt andrelag.

- I andre omgang fekk vi eitt imot litt tidleg, og så fekk dei straffe etter å ha skote ballen i handa på den eine stopparen vår. Men så overtok vi igjen, og sette inn tre til før slutt, fortel Nielsen.

- Vegard Leikvoll Moberg var kanskje den som imponerte meg mest i dag, han er utruleg trygg og gjer veldig kloke val. Samstundes var Ramo Racic svolten framfor mål i dag.

Ramo og Vegard skåra to mål kvar. Slik kom skåringane:

1-0 Erik Kanestrøm lobba over keeper (5. min)
2-0 Tore Valvik skåra på pasning frå Kanestrøm (9. min)
3-0 Ramo skåra på innlegg av Olsen (25. min)
4-0 Sven Lyssand skårar på ein fin lobb (34. min)
5-0 Ramo igjen, etter klikk-klakk over heile banen (37. min)
5-1 (48. min)
5-2 (straffe i 52. min)
6-2 Vegard Leikvoll Moberg etter innlegg frå Kopperud (61. min)
7-2 "Leik" igjen, kanonskot frå 20 meter (65. min)
8-2 Espen Kopperud på innlegg frå Ramo (90. min)

Os 2 sitt lag (4-3-3): Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Vegard Borgen, Dani Alvær Bergstø, Christian Almeland, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Erik Kanestrøm, Sven Lyssand, Ramo Racic og Christer Olsen.

Alle dei fem innbytarane fekk speletid i dag; Espen Kopperud for Olsen, Vegard Engelsen Moberg for Lyssand, Kristoffer Sande for Bergstø, Børge Borgen for Jonassen og keeper Even Bjoarvik for Hansen.

Os 2 har desse kampane igjen:
Sundag 11. oktober: Valestrand Hjellvik (borte) kl 16.00 (Os 2 vann 5-1 heime i vår)
Sundag 18. oktober: Loddefjord (heime) kl 16.00 (Os 2 tapte 5-4 borte i vår)

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.