Lokal | 10. mai 2010

Os i dag!

Er det 17. mai-vêret som allereie er på plass? Det er meldt meir snø tysdag.

Os i dag!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mai 2010 05:14

Etter ei solrik og ganske varm helg var det måndag og tysdag venta litt regn før det igjen skulle bli sol.

Men vi hadde ikkje rekna med å vakna til eit kvitt teppe over Os i dag, 10. mai.

Vidare utover dagen er det meldt 2 mm nedbør og 6 gradar fram til kl 12, 0,2 mm nebør fram til kl 18 og 0,7 mm nedbør mellom kl 18 og 24.

Meir snø i vente
Onsdag er det meldt sol og opphaldsvêr, men tysdag kan det igjen koma snø.

På formiddagen er det meldt 0 gradar og nedbør, men 6 gradar og regn utover ettermiddagen.

Sjå detaljert vêrmeleding for Osøyro

Sol 17. mai?
Etter tysdag er det ikkje venta meir snø eller regn.

Førebels ser det som om det er store sjansar for sol 17. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.