Sport | 07. apr. 2013

Os J16 suveren i straffekonk

VIDEO: Med redning og skåring blei keeper Anna Moltubakk dagens helt då Os J16 tok bronse i Lerøy Cup.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. apr. 2013 18:28

Jentelaget til Os, som nyleg vann vinterserien, spelte i dag sluttspel i Lerøy Cup, der dei tok bronse i fjor og sølv i 2011.

I kvartfinalen møtte dei Gneist, eit lag som har spelt opp eit alderstrinn og samtidig slått krinsmeistrar og andre topplag frå 98-kullet.

– Det var deilig å slå dei, spesielt sidan det var på deira eigen heimebane, seier trenar Kjetil Lyssand Lindbom.

SJÅ VIDEO AV STRAFFKONK NEDST I ARTIKKELEN

Men sigeren kom ikkje så lett.

Os gjekk opp i leiinga, men Gneist utlikna og overtok til 2-1.

Men Os utlikna på straffe før slutt, dermed måtte kvartfinalen avgjerast i det som blei 98-jentene frå Os sin første straffespark-konkurranse.

Starta med redning

Keeper Anna Moltubakk, som nyleg er tatt inn på kretslaget, redda første Gneist-skot.

Så blei det 3-2 til Os, 3-3, 4-3, miss av Gneist, redning av Os-straffe, nu miss av Gneist - og så var det keeper Anna sin tur å ta straffe.

Anna skaut sikkert og hardt på keeper si venstre side og kampen enda med 5-3-siger til Os.

Dei andre målskårarane var Tonje Lindbom og Guro Veglo, Andrine Døsen, Mathea Normann og Anna Moltubakk.

Jamn semifinale

I semifinalen spelte Os ein jamn kamp mot Åsane (J97), som Os tapte 1-3 for i NM-kvalifiseringa.

Det sto 0-0 til pause og Os tapte 0-1.

Dermed blei det bronse i år òg.

VIDEO: Her kan du sjå straffekonkurransen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.