Sport | 06. nov. 2015

Os-karusellen i gang

Sist helg arrangerte Os skyttarlag første runde i Os karusellen, som er tre opne stemner på innandørsbanen på Ulven. Miniatyrsesongen er i gang.

Os-karusellen i gang
Arne Engevik og Lise Margrethe Rinde tok første og andre plass. (Foto: Os Skyttarlag)
Cathrin Valestrandfredag 06. nov. 2015 11:28

Heile 233 deltakarar var i sving i miniatyrsesosngens første stemner på Ulven sist helg.

– Så mange har vi ikkje hatt med før så tidleg i sesongen, seier Anstein Eidsvik, og legg til at det vart vist fram mykje imponerande skyting.

God rekruttering

Heile 30 ungdomsskyttarar deltok frå Os skyttarlag. I dei yngste klassane fekk ein nye namn på toppen av listene siste dag av stevnet. I rekrutt skaut Olve Grønås Birkeland fra Sveio 350, og vann framfor Loke Eide og Sofie Evensen fra Os. I klassen Eldre rekrutt vann Ole Kristian Ågotnes (Sartor) framfor Hanna Fjordheim Gundhus, begge med 350. Benjamin Børslid (Seim) leder klasse junior med 348, Nora Grønsdal er nr 2 og Steinar Feste Kvamme nr.3

Lite overraskingar

Stevnet blei vunne av Arne Engevik fra Stord med 349 poeng. Sophie Daviknes (Os) vann klasse 1 med 244 poeng, medan Raymond Korneliussen (Bergen) vann klasse 2. Alf Høysæter (Tysse) vann klasse V55 med 349 poeng. Johannes Skaar Bakke (Strandebarm) vant V65 med 348, og i V73 kom Oddbjørn Lekven(Åsane-Hordvik) inn og kapra klassemedaljen med 348.

Neste stemne i Os karusellen er 25. - 29. november .

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.