Sport | 15. mai 2009

Os knuste Hovding

- Vi var nærmare 10-0 enn dei var 5-1, seier Os-trenar Frank Hellevik etter dagens triumf på bortebane.

Os knuste Hovding
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mai 2009 19:29

Os audmjuka Hovding i bortekampen fredag kveld. 17 minutt ut i kampen leia gjestane 3-0, i andre omgang skåra to innbytarar like etter at dei kom på banen.

- Vi var dødeleg effektive gjennom heile kampen. Det virkar kanskje dumt å vera pirkete etter 5-0 over Hovding, men det einaste eg ikkje var nøgd med var konsentrasjonen i avgjerande augneblink, seier Os-trenaren.

Og brente nemleg fem sjansar då dei hadde spelar åleine med keeper, og hadde ei rekkje mindre sjansar.

Desse spelte frå start: Halvard Enes, Tony Skarvatun, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen, Andreas Bjørnen, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.

- Vi lukkast verkeleg med å ha Valvik og Lunde sentralt, med Borgen framfor. Preben tredde gjennom kantane gong på gong, og Tim var rå på topp.

Os hadde desse byta: Vegard Leikvoll Moberg for Valvik (60), Vegard Borgen for Merai (69) og Aleksander Lindkvist for Bjørnen (73).

Både Moberg og Lindkvist skåra like etter at dei kom på banen.

Slik kom skåringane:
1-0: Tim Henrik Sperrevik, 4. minutt
2-0: Stian Lunde, 9. minutt
3-0: Andreas Bjørnen, 17. minutt
4-0: Vegard Leikvoll Moberg, 63. minutt
5-0: Aleksander Lindkvist, 75. minutt

Venstre back Remi Osebakken fekk gult kort, sitt andre for sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.