Lokal | 04. mai 2010

Os-kokk på statsrådsbord

Christer Karlsen risikerer å ikkje få fagbrev fordi Fusa vgs ikkje finn igjen eksamensresultata hans i matte. No kjem saka på kunnskapsministeren sitt bord.

Os-kokk på statsrådsbord
Andris Hamretirsdag 04. mai 2010 07:09

Christer Karlsen er i ferd med å avslutta lærlingtida si ved Bjørnefjorden Gjestetun og skal etter planen opp til fagprøven i starten av juni. No risikerer han å ikkje bli faglært kokk fordi Fusa vidaregåande skule ikkje kan stadfesta at Karlsen har stått i matte.

No har Laila Reiertsen (Frp) spurt kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) kva ho synes om saka.

Strauk på første forsøk
Første gong Christer var oppe i matte strauk han. Derfor måtte han ta den om igjen før jul. Etter ei stund fekk han muntleg melding om at han hadde bestått og fått ein trear, men papira lot venta på seg.

- Eg purra og purra fleire gongar på papira, men fekk dei aldri. I fjor haust fekk eg til svar at dei ikkje fann at eg hadde tatt opp igjen matten, og at eg måtte ta den på nytt, fortel ein fortvila Christer Karlsen.

Usemje om eksamen er halde
- Vi har leita i alle bilag og sjekka så godt vi kan, men har ikkje funne at det har vore halde nokon eksamen i faget hausten 2007, seier rektor ved Fusa Vidaregåande Skule, Tor Johannes Hjertnes.

Karlsen seier at han og ei anna tok opp igjen matteeksamen før jul. Dei sat i same rom og hadde ein eksamensvakt som passa på at dei ikkje juksa. Ho han tok eksamen saman med skal ha fått sine papir.

Går eigne rutiner etter i saumane
- Når det oppstår uvisse omkring ei sak som dette er det heilt naturleg at vi tar ein gjennomgang av rutinene våre for å sjå om det er noko vi burde gjera annleis.

- Vi er alltid oppteken av at rutinane våre held mål, seier rektor Hjertnes.

Store konsekvensar
Karlsen fortel at det å ikkje bli faglært får store konsekvensar for han. Som ufaglært kokk (noko han vil bli utan matteeksamen) reknar han med at han får ei timeløn på omlag 120 kroner, medan han som faglært reknar med at løna er mellom 140 og 150 kroner timen.

- Det vil vera umogleg for meg å få ein jobb i Nordsjøen eller på båt, som eg helst ønskjer meg, om eg ikkje får fagbrevet, fortel den unge kokken.

I verste fall må han ta opp igjen matte til hausten, noko som gjer at han må gå eit halvår som ufaglært kokk.

Laila spør statsråden
Stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) har i eit skriftlig spørmål i dag spurt kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) om kva ho meiner om at skulen ikkje finn igjen eksamensresultata, og kva som vil bli gjort for at det ikkje skjer igjen.

Kunnskapsministeren har i skrivande stund ikkje svart på spørsmålet.

Heile spørsmålet og grunngjevinga kan du lesa her.

- Eg synest det er dødsbra at ho har spurt ministeren. Sjølv om det kanskje ikkje hjelper meg, så kan kanskje andre sleppa å hamna i same situasjon, seier Christer Karlsen når midtsiden.no fortel om Reiertsen sitt engasjement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.