Her kjem ny fylkeveg frå Endelausmarka over Lyseklostervegen. Men den går førebels ikkje langt bak ryggen på fotografen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil legga ut for Åsen-Helleskaret

Søviknes med forslag til finansiering av ny fylkesveg i Lysefjorden.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den nye fylkesvegen frå komande Endelausmarka på E39 Svegatjørn-Rådal til Åsen og Lyseklostervegen (FV163) er under bygging.

Men vegen, som fraktar lysefjordingane frå E39 og heim, går berre cirka 300 meter inn mot Helleskaret og Drange. Det neste stykket blei tatt ut av bompengeprosjektet etter ei tidlegare prisauke, for å auka sjansen for at Svegatjørn-Rådal gjekk i boks.

– Vegen er viktig av fleire årsaker. Det eine er tilkomst for folk frå Drange og Hellebakkane, lysefjordingane har nok det dårlegaste vegnettet av alle krinsane våre. Det andre er at dette frigjev næringsareal og eit stort bustadareael i nær tilknyting til E39 og Lyseparken, at vi kan få det gode samspelet mellom buareal, arbeidsplassar og hovudvegen som vi håper på.

Til no har Os kommune håpa at Hordaland fylkeskommune tar rekninga og at vegen kan byggast parallelt med E39-prosjektet.

– Dei signala vi har fått til no, blant anna at fylkeskommunen vil satsa på overordna fylkesvegar, vegar som knyt kommunar saman, gjer at vi ikkje har trur på fullfinansiering frå fylket med det første, seier ordførar Terje Søviknes.

Les òg: Sår tvil om Åsen - Helleskaret

Vil legga ut for 2/3

Onsdag for knappe to veker sidan hadde Søviknes avtale med grunneigarar og utbyggarar i området.

Måndag i førre veke sendte han forslag til løysing, ei løysing som i dag blir lagt fram som forslag til vedtak i kommunestyret 18. mai.

I tilbodet frå Veidekke, som har svarfrist 1. juli i år, er prisen 51,2 millionar kroner eks mva.

Os kommune vil i forslaget legga ut for 2/3, altså 34,1 millionar kroner, og søkja fylkeskommunen om den resterande tredelen.

Som tilbakebetaling frå grunneigarar og utbyggarar vil Os kommune ha 40.000 kroner per bueining.

Betaler etterkvart

Betalinga skal først skje når kvart felt er regulert, beramma med bustadhøgder og utnyttingsgrad og klart for sal.

Mens fleire av tiltakshavarane allereie har tilgang til sitt terreng, er det andre som ikkje får løyst ut tomtene sine utan den nye fylkesvegen.

Det er ulike aktørar i området, grunneigarar som har sete lenge på tomtene sine og ikkje har utgifter med dei, og utbyggarar som både har investert i byggeland og brukt pengar på planlegging og regulering.

– Dette betyr og at det er ulik kapasitet hos aktørane, men med denne modellen kan både grunneigarane og utbyggarane betala når dei har prosjekta klare, seier ordføraren.

OPPDATERT: Sånn er det formulert i framlegget til vedtak:

Os kommune inngår privatrettsleg avtale med alle aktuelle heimelshavarar i området Åsen-Helleskaret basert på følgjande prinsipp; 
a) grunneigar/utbyggar forpliktar seg til å yta eit bidrag på kr 40.000 pr bueining til finansiering av fylkesvegarmen. 
b) bidraget på kr 40.000 pr bueining vert årleg justert med 3 mnd NIBR + 1,0%, og kjem til utbetaling til Os kommune ved godkjent rammeløyve for bustadprosjekta.
c) avtalane vert tinglyst som hefte på grunneigedommane. 
Rådmannen får fullmakt å forhandla fram endeleg avtale med heimelshavarane i tråd med
desse prinsippa.  

Kan bli forhandlingar

Søviknes seier tilbakemeldigane har vore gode, men at enkelte har hatt pris og betalingstidspunkt som ankepunkt.

Om det kjem 2000 bustadar i området vil Os kommune få tilbake 80 millionar kroner, meir enn dobbelt så mykje som kommunen legg ut og langt meir enn heile vegprosjektet kostar.

– Er dette ei litt høg rente?

– Det kan du seia, men det er uvisst både kor mange hus det blir i området og kor tid dei kjem. Førebels analyse seier 1000-2000 bueiningar. Kommunen legg ut med likvide midlar og her kan det gå 8 år og det kan gå 15 år, vi veit ikkje kor tid vi er i null.

– Vi har i framlegget lagt til at rådmann Christian Fotland får mandat til å forhandla med utbyggarane. Ein ny framforhandla avtale må i så fall vera lik for alle utbyggarane og grunneigarane.

Les òg: Kan Åsen-Hellskaret løysast på ein annan måte (med kommentar til tilbodet frå utbyggar)

– Det hastar med vedtak

Tilbodet frå Veidekke har frist 1. juli. Hordaland fylkeskommune har sett frist til Oskommune for tilbakemelding 19. mai, dagen etter at kommunestyret i Os behandlar saka.

– No vil fylket prøva å få Veidekke med på å lata tilbodet stå til 31. desember, at dei får ein sjanse til å behandla denne i haust. Men vi bør uansett få denne gjennom snarast råd, så politisk sak blir klar for fylkestinget 14.-15. juni, seier Søviknes.

Om partane blir einige og fylkeskommunen tar ein tredel av rekninga kan vegen byggast i perioden 2017-2019.

Midtsiden følgjer: E39 Svegatjørn-Rådal

 


Fleire saker