Handball | 29. des. 2008

Os med to lag i finalen - til no

Fem av seks handballag frå Os er vidare i BHK sin julecup. - Jenter 16 tok seg på dramatisk vis vidare til finale i formiddag, seier handballformann Andris Hamre (bildet).

Os med to lag i finalen - til no
Foto: Kjetil Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. des. 2008 08:33

Gutar 18 fekk sterk motstand i innleiande rundar, og gjekk ikkje vidare til sluttspel. Men det gjorde alle dei fem andre laga frå Os; G12, G13, J13, J15 og J16. - Jenter 16 spelte 9-9 mot Åsane i semifinalen. Det blei lagt til ekstra tid med sudden death, og då blei det også ekstra spennande, fortel Andris. Åsane var i angrep, men Susann Rosvold redda for Os. Os missa i angrep, men Susann redda igjen. - Det kom eit innspel til streken vår, Karina Rød, som banka inn sigersmålet og sikra finaleplass. Karina er einaste 16-åring på laget, keeper Susann er berre 14 år. Fleire finaleplassar Jenter 16 er ikkje einaste lag som har tatt seg heilt til finalen, gutar 12 vann nemleg 10-4 over Årstad i semien, og spelar finale mot Fyllingen tysdag. Gutar 13 spelar i skrivande stund semifinale mot Osterøy, jenter 15 spelar mellomrunde i ettermiddag og jenter 13 spelar 1/8-finale mot Bjørnar klokka 15.40 i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.