midtsiden

Os mobiliserer

Os Turn set i samarbeid med Os kommune opp sponsa reise til laurdagens kvalik-kamp på Austevoll.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei to neste laurdagane skal Os spela kvalifiseringskamp om oppdrykk til 2. divisjon.

Laurdag 24. oktober, kl 14.30: Austevoll - Os
Laurdag 31. oktober, kl 15.00: Os - Austevoll

I 2006 såg det nesten ut til å vera avgjort etter første kamp, Os knuste Hovding 4-0 på Kuventræ. Fleire bussar og bilar frakta 300-400 Os-tilskodarar til bortekampen, som enda med panikk i 2. omgang dramatikk fram til 3-0 og til saman 4-3 til Os var faktum.

- No treng Os-spelarane verkeleg eige publikum på bortebane. Austevoll har mange på tribunen, og god støtte av osingar kan gje våre spelarar det vesle ekstra, seier formann i Os Turn Fotball, Leif Gunnar Borgen.

Os kommune sponsar organisert bussreise til Austevoll laurdag, slik at pris for buss tur-retur Austevoll, inkludert ferje, kostar 100 kroner.

Bussane frå Osbuss går frå Osøyro Terminal kl 11.15 (Osbuss), ferja går kl 12.15.
Retur til Os er cirka klokka 18.00.

- For å veta kor mange bussar vi treng er det viktig at dei som vil vera med melder seg på, seier Borgen, og viser til eigne heimesider med detaljar om opplegget og epostadresse for påmelding.

På Os sin siste seriekamp på heimebane var det 38 tilskodarar.
På Austevoll sin siste seriekamp heimekamp var det rundt 400 tilskodarar.

Det høyrer sjølvsagt med at Austevoll sin siger over Arna-Bjørnar var avgjerande for om dei vann avdelinga. Os har vore klare for kvalik i mange veker.

Fleire saker