midtsiden

Os passerte 17.000

Folketalet i Os veks tre gongar så fort som i fjor. No er vi snart større enn Stord.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det siste kvartalet har folketalet i Os vakse med 156 innbyggarar, frå 16.921 til 17.077 innbyggarar. Folketilveksten dei to siste kvartala har vore 323 innbyggarar mot 104 same periode i fjor.

23 av Hordaland sine 33 kommunar opplevde vekst i 3. kvartal 2010.

Berre Bergen (1.548) og Askøy (163) vaks meir enn Os kommune denne perioden.

Snart større enn Stord?
Os er framleis den fjerde største kommunen i Hordaland målt i folketal, men vi tar kraftig innpå Stord, som har 17.769 innbyggarar. Folketalet på Stord auka nemleg berre med 10 førre kvartal.

Dei to andre kommunane som er større enn Os, utanom Bergen, er Askøy (25.448) og Fjell (22.158). Fjell auka med 76 innbyggarar førre kvartal.

Fleire tal frå utvikling i 3K/2010 i Os:
(tall for 3K/2009 i parantes)
Fødde: 59 (64)
Døde: 23 (27)
Innvandring: 52 (21)
Utvandring: 17 (14)
Innflytting: 275 (202)
Fråflytting: 190 (186)
Vekst siste fem år (frå 3K/05 til 3K/2010): 1.888

Tal for kommunane rundt Os:
(Innbyggartal og utvikling siste kvartal)
Austevoll: 4.651 (+31)
Fusa: 3.862 (+16)
Tysnes: 2.775 (+5)
Samnanger: 2.402 (-6)

Fleire saker