Sport | 29. apr. 2013

Os Rundt onsdag

I fjor blei det både deltakarrekord og ny bestetid. Onsdag 1. mai er det klar for nytt tur- og trimritt på sykkel rundt Os.

Os Rundt onsdag
Starten på Os Rundt i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. apr. 2013 14:43

Onsdag frå klokka 10 kjem det til å vera rundt 200 syklistar på veg rundt Os, nokre for å ta den 15 kilometer lange turritt-løypa rundt Ulven, dei fleste for å sykla det 42 kilometer lange trimrittet om Lysefjorden, Fanafjellet og Kalandseid.

I fjor blei det både deltakarrekord med til saman 195 deltakarar. Berre 15 av desse sykla turrittet (den korte løypa).

Les òg: Dobbeltrekord for Os Rundt

– Øystein Blom-Olsen sin løyperekord på 1.02.16 frå 2008 blei slått med over eitt minutt, fortel Tom Ivan Kittelsen.

Unge Ørjan Nordtveit fra Sykkelkomponenter.no, som deltok i klassen 20-24 år, var først i mål på tida 1:01:04.

I same felt til same tid kom to andre ryttarar; Grant Carruthers frå Stord og Yngve Kiserud frå Hardanger SK, begge i klassen 30-39 år.

Dei to beste fra CK Henie i fjor var Bjarte Rasmussen og Eivind Skaftå (30-39), som begge kom i mål på 1:04:00.

God rekruttering med MTB

CK Henie er også med på å arrangera andre ritt, som Ulven Tempo (11. juni) og Gullfjellet Rundt (16. juni). Men før dette, 5. juni, er det MTB-ritt på Ulven, eit av fem i Continental Cup Bergen.

I tillegg til store, gode arrangement kan CK Henie gleda seg over god rekruttering i og rundt Os.

Det er ikkje lenge sidan klubben berre hadde rett over 30 medlemmar, nå ligger medlemstalet på rundt 110. Blant suksessfaktorene er satsing på unge syklistar, medlemmar heilt ned til 6 år i alder.

– For dei yngste så tilbyr vi både offroad/MTB og landevei, en kombinasjon som har vore veldig populært.

– Os MC & MX klubb er svært velvillige og lar oss låna crossbanen, noko vi er veldig takksame for, seier Tom Kittelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.