Lokal | 29. okt. 2018

Os sentrum har mykje kunst - men ingen plan

Prosjektgruppa «Liv på Øyro 2.0» diskuterte eksisterande og komande utsmykking av Os sentrum.

Os sentrum har mykje kunst - men ingen plan
Os sentrum har mykje kunst, her er siste tilskot. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 29. okt. 2018 08:25

Bildeserie:

Kultursjef Lisbeth Axelsen oppfordra til å tenka heilskapleg. (Foto: KOG)
Kultursjef Lisbeth Axelsen oppfordra til å tenka heilskapleg. (Foto: KOG)
Arne Mæland har vore drivkrafta bak mykje av kunsten i sentrum. (Arkivfoto: Kari M Lyssand)
Arne Mæland har vore drivkrafta bak mykje av kunsten i sentrum. (Arkivfoto: Kari M Lyssand)
1 av 2
Kultursjef Lisbeth Axelsen oppfordra til å tenka heilskapleg. (Foto: KOG)
Arne Mæland har vore drivkrafta bak mykje av kunsten i sentrum. (Arkivfoto: Kari M Lyssand)

11. september i år handsama Os formannskap ei sak om tilskot til eit utsmykkingsprosjekt, forma som ein blå pyramide. Pyramiden skulle plasserast ytst på Steinneset ved moloen. Kunstnaren bak initiativet var den ikkje ukjende Arne Mæland. Eit delt formannskap stemde seg då til følgjande vedtak:

«Formannskapet er særs positive til kunstnarleg utsmykking på Osøyro og Mælands forslag til glasspyramide.

Formannskapet vil knytta til seg kunstfaglig og planfagleg/arkitektonisk kompetanse i arbeidet med å finne spennande kunst som set Os på kartet som ein inspirerande kommune. Styringsgruppa for Os Sentrum må handsame forslag til kunstnarleg utsmykking sett opp mot mogelegheitsstudier som er gjort i området. Mogleg samarbeid med lokalt næringsliv bør også vurderast i dette arbeidet. Søknaden til Mæland vurderes som eit innspel til dette. Det kan også søkjast om midlar til utsmykking hos Koro.

Spørsmålet om endeleg finansiering handsamast av formannskapet når saka kjem attende.»

Den nye styringsgruppa for Os sentrum, som hadde sitt første møte saman på fredag, tok formannskapet sitt vedtak som utgangspunkt då dei mellom anna skulle drøfta kunst i sentrum.

Hipp som happ mellom 1350 og 2011

Kultursjef Lisbeth Axelsen innleia debatten med hennar, og kultureininga sitt syn på saka. Ho var rask med å trekkja historiske liner til byggjetradisjonane , eller kanskje mangelen på nettopp dette i Os sentrum.

– Det er bygd mykje rart mellom det eldste og det det nyaste kommunale bygget i Os sentrum, sa Axelsen. Borgstova i Prestegarden er frå 1350, og Oseana er frå 2011.

– Slik eg ser det, er det mykje tilfelding handtering av kva som vert sete opp og kva som vert plassert ut.

Axelsen var tydeleg på ein må tenkja heilskapeleg, og det bør vera tydeleg kven som har ansvaret for utsmykkinga av Os sentrum. Avslutningsvis ba Axelsen styringsgruppa ta stilling til følgjande:

– Skal vi ha ein plan med dette frå kommunal side, og skal vi kanskje samla all kunsten vi har innunder ei type kunstløype, kor fastbuande og turistar lett kan manøvrera seg gjennom all den flotte kunsten vi allereie har i sentrum?

Sensasjonelle allereie

Varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) var den første til å ordet rundt bordet, og ho sa seg einig i kultursjef Axelsen på fleire punkt.

– Historisk sett har kommunen handla litt hipp-som-happ og gjene på måfå opp gjennom åra, men samstundes har vi handla fast under skulptursymposiet og når det har vore større utstillingar i Oseana, sa Bruarøy.

– Samstundes veit eg at vi i kommunal samanheng eig sensasjonelt mykje kunst som står stilt ut i sentrum, men eg tykkjer dette burde vore samla i ei form for kunstløype slik at det heile vert meir oversiktlig og samanfatta.

Bruarøy sa ho oppfatta formannskapet som delt i saka om pyramiden på moloen, og at ho såg på vedtaket som endå eit kompliserande vedtak ein må hanskast med.

– Formannskapet er ikkje kompetent til å bedømma kunst

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var kort, men råkande konsis i si tale om saka;

– Formannskapet er ikkje kompetent til å bedømma kunst. Kunst er ikkje dilldall, og kunst har ein kontekst.

– Vi må ta oss tid til å spørja oss sjølv kva vi elles kan bruka pengane på. Vi kan ikkje berre hoppa på fordi nokon kom inn døra med ein god idè.

Er Mæland å rekna som kompetent?

Harald Døsen (Ap) drog debatten attende til pyramiden med å hevda at om eit utval beståande av profesjonelle fagfolk innan kunst skulle ta stilling til Arne Mæland si pyramide, ville den aldri verta godkjent. Døsen sikta då til den behandlinga Mæland fekk i Bergen nokre år tilbake, kor mellom anna spaltist i BA, Erling Gjelsvik, meinte at Mæland si kunst var å rekna som problemavfall.

Debatten gjekk friskt i bergensavisene i fleire veker etter Gjelsvik si kraftsalve, og bergensarene var synleg delte i oppfatninga av korleis definera kunst.

Ingen i styringsgruppa tok ballen til Døsen vidare, og ordførar Terje Søviknes fekk siste ordet i saka:

– Dette kjem vi attende til, eg vil ha hyppige møter i denne gruppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.