Steinar Prikken Bøe har kledd opp fire generasjonar osingar (foto: Andris Hamre)

– Os sin Jan Thomas

Stor bildeserie: Mange antrekk, men litt lite folk då Os sentrum holdt moteshow i Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Fredag kveld inviterte Os sentrum til moteshow og boblar i Oseana. Med plass til nesten fem hundre såg det litt tynt ut med rundt 200 i  salen, men det hindra ikkje Kvinneforeningen med Stine Kobbeltvedt og Anne Marie Aarøen Vangsnes frå å gje gass som programleiarar.

– Ta vel i mot Os sitt svar på Jan Thomas, introduserte Stine Kobbeltvedt då ho skulle få Steinar Prikken Bøe opp på scenen.

– Nei, det er Jan Thomas som er Oslo sitt svar på Prikken, repliserte Aarøen Vangsnes kjapt før Prikken saman med Tove Tvedt Skarstein trilla terningar på antrekka til fleire av kjendisane i bygda.

Breitt utval og friske mønstre

Klesbutikkane i sentrum viste at utvalet er breitt og for dei fleste med antrekk for både kvardag og fest. Nær seksti antrekk blei vist fram for damene i salen, for det var flest damer, men òg ein og anna mann som var blitt lurt med av sin betre halvdel.

Showet blei avslutta med ein slags basar i følgje dei to programleiarane. I allefall blei det delt ut varer og gåvekort på tilsaman rundt 30.000 kroner blant dei frammøtte.