Næringsliv | 18. mars 2010

Os Skog slår rot i Afrika

Bremsa erosjon og auka sysselsetjing er blant dei positive biverknadane av Os Skog sitt prosjekt på Madagaskar.

Os Skog slår rot i Afrika
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. mars 2010 09:48

Bildeserie:

1 av 4

Os Skog og Anlegg AS er ein av hovudaksjonærane i Mada Woodlands, som har opsjons- og leigeavtalar på 60.000 hektar (600.000 mål!), på Madagaskar. Sal av klimakvoter medan plantene gror, og seinare, sal av tømmer, kan bli stor butikk for det nystarta selskapet.

Lang erfaring
Sørstrøningen Øystein Hansen flytta frå Fana til Os for rundt 25 år sidan. Sidan 1979 har han jobba med hogst og andre skogrelaterte tenester, blant anna for Statskog.

- Vi driv i hovudsak med hogst og transport av tømmer med eigne bilar, til industritomt eller kai. Men vi tar også på oss andre skogrelaterte oppgåver, som planting, linjerydding og antennebygging, fortel Hansen, som er dagleg leiar og ein av fem eigarar i Os Skog og Anlegg AS.

På reise til Madagaskar med ein medinvestor som driv med vegstabilisering fekk han kjennskap til kor stort og aukande problemet med avskoging er. Ideen om å planta blei fødd.

- Om lag 80 prosent av øya er avskoga, og erosjon er eit stort problem. Då eg kom heim diskuterte eg ideen med nokre kontaktar, og det førte til at vi stifta selskapet som i dag er i full aktivitet på den afrikanske øya.

Starta lokalt
I staden for å byrja på topp, med styresmaktene, starta Mada Woodland (MWL) sitt arbeid med å få etablera seg ved å gjera avtalar lokalt, for så å få naudsynte godkjenningar oppover i systemet.

- Vi ville ikkje at vår verksemd skulle bli tredd nedover hovudet på lokalsamfunn som kanskje ikkje var interesserte i slik aktivitet. Derfor har vi gått ut lokalt, gjort avtalar med dei som ønskjer, og jobba oss oppover i systemet for å få naudsynte godkjenningar.

Mada Woodlands har i løpet av årets første plantesesong hatt om lag 400 arbeidarar i sving, av desse mange kvinner.

- Vi engasjerer oss i lokalsamfunna på fleire måtar, og på arbeidsplassen legg vi til rette for både tryggleik, der vi blant anna oppretter feltsjukehus, og kvinner, med eigne plassar for born, viss dei treng å ha ungane med på jobb.

1,3 millionar planter
MWL har etablert to nurserier, «barneheimar» for planter, i tilknyting til plantasjane. Kvar av desse er 3000 kvadratmeter store. Her blir plantene sådd om hausten, for flytting ut under open himmel i regntida, som er frå november til april.

- Tidleg i 2008 hadde vi eit pilotprosjekt med prøveproduksjon på 20 hektar, no er vi på tampen av regntida og i ferd med å planta ut siste del av 1,3 millionar planter over 1000 hektar.

Selskapet har i første omgang satsa på fire plantesortar. Dei første bestillingane har også kome, blant anna frå gruveselskap i andre afrikanske land, for gjenplanting av sår i terrenget.

- No skal eg ned og fortolla inn ei beltevogn, som dei i starten trudde var ei stridvogn, men som vi vil bruka til å ta oss fram der vegen er sørpete. Og så skal eg inspisera dei første plantene, sa Øystein Hansen til Midtsiden torsdag 11. mars, dagen før nok ei avreise til Madagaskar.

Du kan lesa meir om prosjektet på dei innhaldsrike nettsidene til Mada Woodlands.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.