Kultur | 23. apr. 2010

Os' største?

Det er Hærleg Tid på senteret, og eit av underhaldningsbidraga kan resultera i både det største og det mest sette måleriet i Os.

Os' største?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. apr. 2010 08:16

Torsdag starta vårens Hærleg Tid-kampanje på AMFI Os. Solsikkeverkstad, moteshow og presentasjon av A-stallen til Os var blant innslaga, samstundes som kunstnar Frode Sirevåg mala LIVE midt i senteret.

- Det er kjekt å sitja blant folk og mala. Mange kjem bortom og slår av ein prat, men det blir også tid til produksjon, seier Frode, som i løpet av helga skal få ferdig «kladden» til noko som skal bli veldig stort.

Rekordbesøk?
Måleriet til Sirevåg skal nemleg fotograferast og printast på storformat ved det lokale trykkeriet Maxprint. Så skal Frode mala på printen før det skal på veggen på utsida av AMFI Os.

- For det første blir dette kanskje Os' største måleri i fysisk storleik, for det andre kjem det til å bli sett av utruleg mange. Det synes eg er spennande, seier den ferske, men fargerike kunstnaren.

- Eg veit ikkje kor mange som kjører forbi senteret kvar dag, men det spørs om ikkje eg kan tangera Mona Lisa i tal på kor mange som ser måleriet i løpet av ein dag, seier han og ler.

Hærleg Tid held fram med Diddy og Amfelia i senteret, cellomusikk ved J.S. Blum fredag frå klokka 18 til 20 og gratis hoppeslott på laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.