Os tapte
Os leia 0-1 til pause, men kampen enda med tap for gjestane.


Os styrte kampen mot Austevoll, og hadde ein kjempesjanse allereie etter 5. minutt.
12. minutt ut i kampen blei Tim Henrik Sperrevik tatt av banen, og erstatta av Christer Olsen.
Kaptein Stian Lunde gav Os 0-1 på ei nydeleg skåring på volley i 25. minutt.
I pausen tapte Terje Søviknes 1-3 i straffekonk mot Helge Andre Njåstad. Dei to Frp-ordførarane skal vera uskadd.
14 minutt ut i andre omgang utlikna Austevoll ved Kurt Hovland.
Heimlaget skåra også kampens siste mål, etter svakt tilbakespel til keeper. Headinga blei nesten sjølvmål, men ein austevolling var på ballen før den gjekk inn bak Halvard Enes.
Laga hadde kvar sin omgang. Sjølv om Os var uheldige på 2-1-skåringa var det ikkje ufortent at heimelaget skåra to mål i andre omgang.
Med dette er det duka for eit spennande oppgjer på Kuventræ laurdag 31. oktober (kl 15.00). Stian Lunde si skåring i dag har dessutan høg verdi, held Os nullen i neste kamp treng dei berre éi skåring for å spela i 2. divisjon neste år.
Midtsiden.no kjem tilbake med fleire bilde og meir om kampen, i eigen artikkel i løpet av laurdag ettermiddag/kveld.