Fotball | 06. feb. 2020

Os testa ny spelar, men tapte for Fyllingsdalen

I fjor var Os best, i gårsdagens treningskamp tok Fyllingsdalen ein komfortabel siger.

Os testa ny spelar, men tapte for Fyllingsdalen
Steffen Kvamsdal i aksjon mot Fyllingsdalen i fjor. Då hadde Os overtaket. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. feb. 2020 07:56

Etter ein god 1-2-siger borte over Fana i helga, spelte Os treningskamp borte mot Fyllingsdalen onsdag.

Det gjekk ikkje like bra.

– Dei var betre enn oss og vann fortent. Vi mangla struktur og klate heller ikkje å flytta beina raskt nok, seier Os-trenar Endre Brenne.

Fyllingsdalen-Os 3-0 (2-0)

– Vi lykkast mot Fana, men no fekk vi oss ei lita oppvaking. Det må jobbast om du skal vinna fotballkampar, seier Brenne.

Testa spelar frå Kroatia

Han fekk testa ein spelar frå Kroatia i kampen; Mateo Topic.

Ifølgje Transfermarkt.com er han 1,88 m høg og fyller 24 år i april. Topic gjekk i fjor frå NK Vinogradar til NK Novigrad på tredje øvste nivå i Kroatia.

– Topic blir ikkje med oss vidare, stadfestar Brenne.

Brukte 16 spelarar

I serien i fjor spelte Os 3-3 heime, etter å ha leia fortent. Borte blei det 0-2-siger.

Os starta med: Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Vegard Strønen Skeie, Harry James Moore - Rune Mo, Steffen Kvamsdal, Mateo Topic - Thomas Spilde - Stian Dyngeland og Sander Kvittingen.

Innbytarar med speletid: Tobias Nøss, Espen Haraldseid, Roger Ekeland, Elias Myrli, Lars Hadler-Olsen og Thomas Færøvik.

Os speler neste treningskamp borte mot Vard Haugesund laurdag om 10 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.