Fotball | 22. mai 2012

Os toppar tabellen

• Bjarg slo serieleiar Sandnes Ulf 2, Os 2 nærmar seg også tabelltoppen.• Lysekloster 2 tapte, Fusa stilte ikkje til kamp mot Søre Neset.

Os toppar tabellen
Håkon Kvittingen skåra det første målet då Os 2 slo Rosendal 2-0 søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. mai 2012 09:28

Bjarg slo serieleiar Sandnes Ulf 2 måndag kveld, så Os blir liggande på topp etter at alle har spelt 6. runde.

Les òg: Vann for Arvid (Os slo Arna-Bjørnar 5-3)

Os har 16 poeng. På plassane bak ligg Haugesund 2 (som Os møter i neste heimekamp), Bjarg og Sandnes Ulf 2 med 15 poeng kvar.

Sjå tabell, 3. divisjon avdeling 7

Ny siger til Os 2

Os 2 spelte heimekamp søndag, der dei slo Rosendal 2-0. Håkon Kvittingen skåra i første omgang, Børge Borgen i andre, i ein kamp der Os 2 aldri var truga.

Os 2 ligg på 4. plass på tabellen for 5. divisjon avdeling 3, med 10 poeng på 5 kampar. Fitjar på 3. plass har også 10 poeng på 5 kampar, medan Bremnes og Halsnøy har 12 og 13 poeng på éin kamp meir.

Sjå tabell, 5. divisjon avdeling 3

Første tap til Lysekloster 2

Lysekloster sitt andrelag, som speler i 6. divisjon, vann alle dei 5 første kampane. Men søndag tapte dei 3-4 heime for Minde.

Lysekloster 2 ligg likevel framleis på toppen av tabellen.

Sjå tabell, 6. divisjon avdeling 1

Fusa får ein ny sjanse

Måndag kveld skulle Søre Neset spela heimekamp mot Fusa, i same avdeling som Os 2.

Fusa klarte ikkje å stilla lag, men Søre Neset-trenar Vidar Bahus vil gje fusingane ein ny sjanse, så det blir ingen lettkjøpte poeng for dei raudkledde på Bjørnen.

Søre Neset har 1 siger 1 uavgjort og 3 tap, Fusa har starta sesongen betre med 2-2-1.

Sjå tabell, 5. divisjon avdeling 3

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.