Os-treffet er i gang
Rundt 60 bilar er venta til utstillinga på Os ungdomsskule i dag.
Pinsen blir i dag som vanleg runda av med amcartreff.
Os Amcarklubb arrangerer det årlege Os-treffet 2. pinsedag og ventar rundt 60 bilar til treffet på plassen utanfor Os ungdomsskule.
– Alle klubbane i området er inviterte, så det blir spennande å sjå kor mange som kjem, seier Sigrid Flaterås.
Ventar stort treff
I 12-tida var dei første 10-15 bilane på plass og den neste halvtimen blei det kø utanfor bommen inn til skuleplassen.
– Det kjem nok bilar både frå Bergen, Askøy og Nordhordland. Kanksje også frå klubbane sør for Os, trur Sigrid.
I fjor var det rundt 60 bilar på treffet.
Neste treff på nasjonaldagen i juli
Klubben har rigga seg til med "fullt kjøkken" og sel kaffi, vaflar, hotdog og grillmat under treffet, som blir runda av nærmare klokka 16 i dag.
– Vi har to treff i året, 2. pinsedag og 4. juli. På nasjonaldagen til USA har vi treff på Os vidaregåande skule. Vi skal også delta på den nasjonale motordagen 6. juni, men då skjer det meste i Bergen, fortel Flaterås.