Os vann!
Os fekk ein fin sesongstart på bortebane mot Norheimsund i dag.


Os slo Norheimsund 2-0 i sesongopninga på bortebane laurdag.
Null baklengs og tre poeng er ein strålande debut for trenarteamet med Frank Hellevik i spissen. Ein annan som kan vera nøgd med debuten er Vegard Leikvoll Moberg som skåra 1-0-målet på straffe.
La seg veldig bakpå
Norheimsund la seg så langt bakpå som dei kunne koma då dei fekk besøk av Os i dag.
- Kampen blei ein test i tålmod. Men honnør til det unge, lovande heimelaget, som nesten stal poeng frå oss i dag. Det var einaste måten for dei å gjera det på i dag, hadde dei kome utpå banen så hadde dei fått bank, seier Hellevik.
På ein corner mistforsto Enes og Lunde kvarandre, og heimelaget var nær på å ta leiinga.
- Heldigvis er fotball av og til rettferdig, seier Os-trenaren om kampen der Os først skåra i 86. minutt.
Skaffa straffe og skåra
Tim Henrik Sperrevik var saman med ein nesten arbeidslaus Einar Algrøy banens beste i dag. Då han fekk ballen inne i feltet etter eit innkast, og blei skubba med strake armar, fekk han straffe. Straffen var det debutanten Vegard Leikvoll Moberg som ville ta.
- Vegard er stødig på straffe og meldte interesse for å ta den. Vi har ikkje bestemt på førehand kven som tar straffe, så då slepp slike positive initiativ til.
Debutanten skåra sikkert.
Dommaren la til fem minutt, så då blei det tid til nok ei skåring.
På eit bra slått frispark av Anders Glesnes fekk Sperrevik med seg kvar keeper sto før han nikka ballen i fin bue over og i mål.
Heldt seg roleg
Stian Lunde hadde skot i tverrligger i første omgang og innbytar Tore Valvik skåra på overtid, men fekk målet annulert grunna offside.
Os-trenaren er ikkje einig i annuleringa, men seier han uansett er glad for å sjå at spelarane heldt konsentrasjonen oppe sjølv om Norheimsund gjorde alt dei kunne for å tetta igjen bak.
Desse spelte frå start(4-3-3):
Halvard Enes, Anders Glesnes (h.b.), Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken (v.b.), Preben Borgen, Vegard Leikvoll Moberg (sentral midtbane), Stian Lunde, Torkel Hjertnes (h.k.), Christian Almeland (v.k) og Tim Henrik Sperrevik.
Byte: Tore Valvik for Preben Borgen (55), Sven Lyssand for Christian Almeland (65) og Christer Olsen for Vegard Borgen då Os la om til 3-3-4 (70).
Sundag spelar Os 2 borte mot Osterøy.