Os vann igjen
A-laget held seg på topp av tabellen og har til no vunne 7 av 7 heimekampar.
Bildeserie:
Os vann 2-0 over Tertnes i dagens heimekamp og står no med siger i 8 av 12 kampar.
– Tertnes gjorde det som venta vanskeleg for oss ved å legga seg bakpå, men vi klarte heldigvis å skåra på to dødballar, seier trenar Tim Henrik Sperrevik.
Kampen starta oppmuntrande med innmarsj av Øyvind "Bøtto" Bøthun, som skal gifta seg i august. Den tidlegare Os-spelaren kom med bind for augo og øyreklokker, fekk desse av, leia kaptein Stian Lunde i innmarsjen og song Os-songen framfor rundt 100 på tribunen.
Os- Tertnes 2-0 (2-0)
Målskårarar: Tore Valvik (24.) og Stian Lunde (41.)
Valvik heada inn 1-0 på corner av Preben Borgen, kaptein, midtstoppar og toppskårar Lunde skåra sitt 7. mål etter retur fra stang på frispark av Erik Kanestrøm.
I forkant av 1-0-skåringa fekk Os eit mål annulert. Rett etter 1-0-skåringa fekk Tertnes eit mål annulert.
Ramo skåra for Os, men dommaren meinte at han hadde lagt seg over ein Tertnes-forsvarar for å avslutta, noko fleire på Os-laget ikkje var einig i. Tertnes sitt annulerte mål var tydelegare, deira målskårar skubba Os-forsvaret med to strake armar for å heada ballen i nota.
Kloven hadde ei fin redning med "det nedre mellomgolvet" og heldt nullen. I andre omgang blei det ingen mål.
– Det blei litt slurv og feil etter pause, men vi hadde kontroll og 2-0 sto seg kampen ut, seier ein nøgd Valvik etter kampen.
Os avsluttar vårsesongen med bortekamp mot Austevoll førstkomande onsdag.
Os har 27 poeng på 12 kampar. I fjor tok dei ferie med 21 poeng på 13 kampar.
Andre resultat frå 12. runde:
Stavanger - Åkra 0-0
Skjold - Austevoll 1-3
Avaldsnes - Bjarg 0-3
Stord - Arna-Bjørnar 1-2
Varegg - Sandnes Ulf 2 4-3
Haugesund 2 - Kopervik blir spelt måndag
I pausen i dag fekk gutetrenar Gunnar Aadnevik månadens Fair Play-pris av Os Turn.
Juryen skriv blant anna: "Gunnar har følgt opp 2. laget til 96-kullet på ein glimrande måte i alle år. Han er nok sterkt medverkande til at 96-gjengen har så mange spelarar"
Gutelaget til Os har heile 48 spelarar. Dei siste ti åra er det berre 2-3 spelarar som har slutta med fotball. Alle 48 er med til Norway Cup i kullet som neste år får fleire juniorspelarar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.