Hovudtalar Christian F. Fotland fortalde om krigsåra i Os gjennom mora sine auge (foto: Andris Hamre)

– Os var ei god bygd å bu i

Hovudtalar Christian F. Fotland gav eit innblikk i livet i Os under krigsåra i 8. maimarkeringa.

image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Rådmann Christian F. Fotland gav ein bilete på korleis det var å vera barn i Osbygda under krigen då han fortalde historiar mor hans hadde fortalt frå krigsåra på Bø.

– Som mange andre bergenserar flytta foreldra mine til Os under krigen. Far til Halhjem og mor til Bø.

– Dei hadde det godt i Os i krigsåra. Mor har fortalt fleire historiar frå desse åra. Som då dei måtte gøyme seg i ein kald og rå kjellar når flyalarmen gjekk over Vågen og om mormor som var så nyfiken at ho stakk på loftet for å sjå flya komma innover fjorden.

– Om fangeleiren på Haugsneset og om russerane som dei raskt fekk sympati for. Dei samla inn mat til jul for å gje til fangane og tyske vaktar såg gjennom fingrane på dette. Marie Østrem var den som sto i fronten for dette og i dagboka si skriv ho om at det blei gitt både mat, strømper, kloggar, klær og teiknesaker.

– I krigsåra var det omlag 4000 innbyggjarar i Os kommune. I 1942-43 var det omlag 800 tyske soldatar her og 200 russiske fanger, så meir enn 20% av dei som opphaldt seg i bygda var tyskarar eller russarar, fortalde Fotland.

Må ikkje gløymast

Rådmannen minna om at vi aldri må gløyma krigen og 8. mai då Tyskland kapitulerte og Noreg igjen var eit fritt land og Os ei fri bygd.

– Vi ser andre formar for trugslar i dag enn det dei gjorde i 1939, men det er også likskap. Maktpersonar med stor innflytelse som prøvesprenger atombomber, ei høgrebølgje over Europa og ulike former for terror.

– Likevel har eg tru på framtida og på at vi skal oppføre oss med aktsemd og respekt for kvarandre. Eg er glad mamma har fortalt så mykje om krigen. Det har gitt meg ei innsikt og ein ballast å ta med vidare til dei kommande generasjonane, sa Fotland som takka veteranane for deira innsats før han la ned ein krans på minnesmerket.

Fleire saker