Lokal | 18. mars 2019

Os vgs har aldri sett så gode søkjartal

Prognose: Ambulanselinja aukar frå 80 til 180 søkjarar, på anleggsteknikk er det 250 på venteliste.

Os vgs har aldri sett så gode søkjartal
Prognosetala fortel at Os vgs held fram å auka. Til landslinja på anleggsteknikk er det 250 på venteliste. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)  
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 18. mars 2019 09:37

Rektor Johan Henrik Lassen og assisterande rektor, Inger-Elin Epland, er tydeleg nøgde med tala som no ligg klare;

– Det er auke alle stadar, og det er tydeleg at skulen er i skotet, fortel dei to.

Søkjartala til landslinja på anleggsteknikk er gått noko ned, men dette meiner dei rett og slett skuldast at dei unge håpefulle veit at krava for å koma inn er høge. I fjor hadde dei siste som kom inn 4,2 i snitt.

– Ein del lar nok vera å ha dette som førsteval fordi dei veit at det er vanskeleg å koma inn, men om vi reknar med alle dei som set linja opp som andreval, har vi faktisk ei venteliste på 250, seier Lassen.

Frå 80 til 180 ambulansesøkjarar

Om det er tv-seriar eller god leiing som er årsaka, blir ikkje rektor og assistent heilt einige om, men at ambulansefag trekk elevar er heilt tydeleg.

– I fjor hadde vi 80 søkjarar på 15 plassar - i år har vi 180 søkjarar på dei same 15 plassane, fortel Epland.

Ho veit ikkje eksakt kva snittet for å få ein av dei 15 plassane endar opp med å vera, men i fjor låg det på 5,2.

– Det er heilt klart ein trend kor dei unge no søkjer helsefag, det ser vi òg med at vi òg kjem til å fylla tre klassar på helse- og oppvekst.

Trivselskule

Rektor Lassen trekk fram trivsel som ein viktig faktor i kvifor Os vgs held fram med å auka.

– Vi har hatt mykje fokus på trivsel her på skulen, og nyare elevundersøkingar fortel oss at vi nettopp har ein slik status blant ungdomen, altså ein skule kor det er kjekt å gå.

– Det er veldig artig å sjå at det er auke i søkjartala også til påbygg studiespesialisering, legg Epland til.

– Til hausten får vi to store klassar som etter endt skulegang hos oss kan gå rett vidare til høgskular. Desse klassane er vi veldig stolte av.

Posisjonerer seg for framtida

Dei to rektorane understrekjer at dei ferske tala framleis berre er prognosetal, og at det kan koma mindre endringar frametter.

– Det er heilt klart spanande tider for skulen vår, og det er gledeleg å sjå at vi lukkast med å vera ein skule for framtida.

Lassen og Epland nemner smarthus og velferdteknologi som to eksempel på ferske nyhende, kor skulen kan vera med å forma framtida.

– Os vidaregåande skule skal vera ein reell opplæringsarena med fag som er aktuelle no- og for framtida.

– No skulle vi berre hatt endå meir plass og kapasitet, så kunne vi ha husa alle dei som søkjer til oss - kanskje vi må bygga på i høgda etterkvart?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.