Sport | 19. sep. 2016

Osbadet feirar med avduking i barnebassenget

I morgon er det 10 år sidan Osbadet blei opna.

Osbadet feirar med avduking i barnebassenget
To nye apparat er på plass i Osbadet sitt barnebasseng. Etter avduking i 12.30-tida i morgon er dei klare for bruk. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. sep. 2016 12:14

Tysdag 20. september er det 10 år sidan Osbadet opna.

Den siste veka har det vore nedtelling med konkurransar og premiar annonsert på Osbadet si facebookside, i morgon blir det makering.

10-årsdagen blir feira med lunsj for inviterte gjestar, men det blir òg noko for publikum å gleda seg over.

– Sidan bursdagen ikkje er ein laurdag eller søndag så blir det ikkje den heilt store festen, men vi tar ei markering inne i bassenget frå klokka 12 til 12.30, fortel dagleg leiar Bård Alfstad.

Redningsøving og avduking

I 12-tida vil dei tilsette i Osbadet demonstrera ei redningsøving i bassenget.

Etterpå kjem ordførar Terje Søviknes for å ta ei avduking.

– Vi har fått to nye installasjonar på plass i barnebassenget. Form og funksjon på desse må du venta med i morgon for å få sjå.

Prosjektgruppe og styre samlast til lunsj

Etter avdukinga går feiringa vidare til Osbadet sitt konferanserom, der inviterte gjestar får servert både mat og talar.

– Her kjem prosjektgruppa som fekk realisert badet, Leif Gunnar Borgen, som var dagleg leiar dei første åra, og styret. Dei fleste gjestane kunne koma.

– Vi håper òg at mange gjestar vil koma og feira dagen med ein dukkert og ein test av dei nye modulane i barnebassenget, seier Alfstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.