Næringsliv | 17. sep. 2018

Osbuss har flytta

– Vi trengte større plass, seier Kenneth Valle etter ein kort tur med eit stort flyttelass.

Osbuss har flytta
Kenneth Valle (t.v.) saman med gründer Arne Bogevik, som denne hausten går av. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. sep. 2018 08:19

Dei siste vekene har det stått få bussar parkert langs Industrivegen. Midtsiden har fått spørsmål om Osbuss AS, som i desember i fjor blei selt til Modalen-Eksingedalen Billag AS, har flytta eller flagga ut av bygda.

– Det stemmer, vi har flytta, men vi har ikkje flytta langt, seier salsleiar Kenneth Valle.

Osbuss AS og dotterselskapet City Sightseeing Bergen AS har flytta frå Industrivegen til ... Industrivegen.

Større plass til kontor, verkstad og parkering

– Etter ni år i Magnar Bøe sitt lokale langs hovudvegen hadde vi no behov for både større parkeringsplass og utvida kontorfasilitetar.

I starten på september kom Osbuss på plass i to nabobygg i «buss-gata», forbi ARKA, Tide og veteranbussane, til verkstad i Sibi-bygget og kontor i same bygg som Bomobil og Bergen Maritime.

Brørne Aspenes eig begge bygga.

– Vi har leigd plass til dei største bussane våre her i mange år, det er berre dei minste som har stått ved kontoret langs Industrivegen. No har vi fått alt samla på same stad, seier Valle.

Rekordomsetnad

Osbuss og dotterselskapet City Sightseeing Bergen har til saman 34 tilsette og 28 bussar.

– Omsetnaden svinger litt med marknaden, men utviklinga er positiv, fortel Valle.

Av rekneskapstal for 2017 ser vi at City Sightseeing Bergen, som vaks frå 2,2 til 4,2 millionar frå 2013 til 2016, heldt seg på 4,2 i 2017.

– Den fine sommaren har gjeve selskapet ein veldig god sesong, men eg har førebels ikkje tala klare for årets sommar.

Osbuss AS vaks frå 18 til 24,4 millionar i omsetnad frå 2013 til 2016, og landa i 2017 på rekordhøge 26,8 millionar kroner.

Delt skulekøyring

I sommar vann Tide anbodsrunden på skulekøyring i Bergen sør, ein kontrakt som omfattar Os, men Osbuss held fram med å køyra skuleruter, no saman med Os Taxi.

– Køyring av elevar er ein liten, men hyggeleg del av drifta vår.

– Då Tide vann anbodsrunden delte dei medisinske oppdrag ut til Os Taxi, mens vi held fram med dei ordinære rutene.

Gründer og tidlegare eigar Arne Bogevik er framleis dagleg leiar i selskapet, men er i ferd med å tre av.

– Arne jobbar ut september, og kanskje nokre dagar inn i oktober. Så overtar Nils Helle frå Modalen som leiar.

– Tida etter salet av aksjane har vore god, men omtrent som før. Vi driv vidare som sjølvstendig firma, fortel Kenneth Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.