Osdagane: Ølfestival

Godt øl i sjøkanten på Os

Velkomen til Oseana Ølfestival!
 
Ein ølfestival i vakre omgivelsar i sjøkanten for alle som er glade i øl, nysgjerrige på øl eller trur dei veit alt. For deg som vil nyte gode smakar og kanskje lære noko nytt om øl og ølbrygging. Ølfestivalen er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnefjorden Bryggeri. Det er gratis inngang til festivalen, og ølbongar kan kjøpast i Oseana festivaldagen.
 
Bryggeria
Bjørnafjorden Bryggeri er bygd på kjærleik til godt øl og handtverket det er å laga det. Dei er sikre på at så lenge ein ikkje let noko være til tilfeldigheitene, men streber etter kvalitet i alle ledd, så vil det vise seg i det produktet dei lagar.
Dei er eit lite bryggeri med lokale forankringar. Det vil og gjenspegle seg i namna på øla deira. Lokale stadsnamn og andre lokale figurar vil bli med på å gje ei kjensle av kvar dei høyrer heime.
Her på Osøyro, i Noregs flottaste bygd.
 
Lysefjorden Mikrobryggeri held til i Arna, men har sterke personlege band til den nordlegaste fjorden i kommunen vår. Dei er eit mellomstort mikrobryggeri som spesialiserer seg i humlesterke øl, men det er ikkje det einaste dei har i kofferten. Dei er opptekne av mat, og har mykje øl som matchar forskjellige matrettar.
 
Ekangersmuget - kanskje Bergens minste, i alle fall Kokstads nest største. Oppkalla etter den minste gatestumpen i Bergen, det tidlegare Ekangersmuget på Nygårdshøyden. No finn de dei i ein utrangert garasje på Kokstad der fabrikkvørterlukta frå naboen til tider riv i nasebora. Granskot, rognebær og pors, dei prøver det meste, men aller mest amerikansk humle.
«30.juni finn de oss på landtur i Oseana!»
 
Haandbryggeriet frå Drammen vart stifta i 2005 og er fylgjeleg det eldste bryggeriet på festivalen. Dei er likevel svært ungdommelege til sinns, og svært eksperimentelle i stilen. Dei har vore pionerar innan både surøl, gjæreksperiment og lefling med gamle norske bryggetradisjonar, men det er fyrste gong dei vert å finne i Oseana.
 
Håndbryggeriet En Liten Øl vart stifta i slutten av 2015, og starta produksjonen hjå Arendals Bryggeri sommaren 2016, medan lokaler og bryggeriutstyr vart klargjort i Vitaminhuset ved Port Steingard, Fitjar. I slutten av juni 2017 starta dei sin eigen produksjon, frå Q1 2018 er all produksjon flytta heim.
Dei har fokus på høg kvalitet og gode råvarer, kombinert med deira beste ingrediens, vatnet. Sunnhordland er geologisk unikt, og du finn alle mineral og steinsortar i landet her. Dette gjer noko med vatnet. Når dei flytta produksjonen heim, merka dei skilnaden godt.
«Me gler oss til å treffe ølinteresserte frå heile regionen i Oseana!»
 
Desse kjem også:
Mykle Mikrobryggeri
Balder Brygg
Kinn
Syv Fjell
Mjøderiet
 
Lær meir
Vi ønsker å inspirere og vil at du skal lære meir om øl når du besøker festivalen. Ølets verden kan være både komplisert og mangfoldig, og mange går med bryggardraumar i magen. Difor er det lagt opp til fleire foredrag i løpet av dagen. I år kan du høyre om tradisjonsbrygg, om oppstart av ein bryggeridraum og også om noko som ikkje er øl i det heile; nemleg mjød.
 
Festivalprogram:
Frå kl. 12 kan du vitje ein av dei mange bryggeria som er tilstades i Oseanasalen under festivalen. Her kan du prate med bryggjarane, og sjølvsagt smake på brygga deira. Fullt program for dagen er:
 
12:30 -  Foredrag i Oseanasalen
Stian Krog – Mjøderiet.
Korleis laga mjød heime.
Han har óg ymta frampå om smaksprøvar, då av ting du ikkje finn på Mjøderiet sin stand på festivalen, eller for den del nokon annan tilgjengeleg plass.
 
13:30 – Foredrag i Oseanasalen
Stefan Williams Hansen - Haandbryggeriet
Om norsk tradisjonsøl, og korleis dei har forsøkt å tilnærme seg dette oppigjennom åra. Det vert smaksprøvar.
 
14:30 – Foredrag i Oseanasalen
Tarjei Øiestad Skeie, Cato Larsen – Bjørnafjorden bryggeri
Pratar laust om oppstart og framtid, illustrert med smaksprøvar og gestikulasjon.
 
17:00 – Kåring av Heimebryggjarkonkurranse! Oseanasalen
 
18:30 – Beermakers Dinner i restauranten. For informasjon og påmelding, sjå eige arrangement.
 
Os Kammerkor underheld med drikkeviser i løpet av festivaldagen.
Sjølve festivalen stenger kl. 18:00.
 
Mat gjennom dagen
Gjennom året har bonde Erlend Moberg fora opp ein limousin okse på mesk frå ølbrygginga til Bjørnafjorden Bryggeri. I vår gjekk oksen til slakt, og kjøtet kan du smaka på under festivalen. I tillegg har restauranten eit utvida tilbod denne dagen med pølser og godt ølsnacks.
 
Beermakers Dinner
For dei aller ivrigaste øl- og matentusiastane blir ølfestivalen avslutta med ein Beermakers Dinner i restauranten kl. 19:30. Bjørnafjorden Bryggeri har slege seg saman med Lysefjorden Bryggeri og presenterer fem ulike ølsortar. Oseana sin sjefskokk Bartosz Lauchstaedt har komponert fem ulike smårettar som passar dei ulike ølsortane. For informasjon om pris og påmelding til Beemakers Dinner, klikk deg inn her: http://www.oseana.no/nb/oseana-olfestival-beermakers-dinner
 
Heimebryggjarkonkurranse
Hovudtema for tevlinga er at ølet skal ha minst éin lokal ingrediens. Bjørnafjorden Bryggeri har sterk lokal tilknytning, og dette er dermed temaet for tevlinga i år. Desse føresegnene gjeld:
Ølet må vera overgjæra, altså ein ale.
Ølet må vera under 6% i alkoholstyrke.
Ølet må innehalde minst éin lokal ingrediens (rognebær, einer, bringebær eller anna ølbryggjaren måtte finna på).
Ølet vil bli vurdert bryggeteknisk, for drikkbarheit og for kor vellukka den lokale ingrediensen er integrert.
Brygget må leverast i resepsjonen i Oseana innan 16. juni. Det skal leverast inn 2 flasker (min. 0.33) av brygget. Saman med innlevering av øl må også oppskrifta leggast ved, eller sendast på mail til berit@oseana.no. Berit er kontaktperson i Oseana når det gjeld innlevering av øl.
Andre spørsmål om tevlinga kan rettast til Bjørnafjorden Bryggeri på epost post@bfbryggeri.no
 
DOMMARPANEL:
Representantar frå Bjørnafjorden Bryggeri og Lysefjorden Mikrobryggeri.
 
PREMIE:
Vinnaren får laga ein batch av sitt eige øl hjå Bjørnafjorden Bryggeri, og ølet vil vera å få kjøpt på lokale pubar og elles der Bjørnafjorden Bryggeri kan vera på tap.
 

Lørdag, juni 30, 2018 - 12:00