Osdagane: Utekonsert på Lyngheim

Torsdag  28. juni klokka 18.00:

Nils Økland (fiolin og hardingfeler), Sigbjørn Apeland (harmonium) og Mari Lyssand (forteljar) presenterer Ole Bull og forholdet hans til folkemusikken.

Vi møter nasjonsbyggjaren, superstjerna og improvisatoren Ole Bull, og blir betre kjent med mannen som ifølgje Bjørnstjerne Bjørnson var «det første og største Festøieblik i det norske Folks liv».

Topp musikarar saman med Mari Lyssand og hennar forteljarglede vil levandegjera Ole Bull på ein slik måte at vi føler at han er der blant oss.  Dei har turnert rundt i heile landet med dette programmet for Rikskonsertane – no kjem dei endeleg til Os!

Billettprisen er 250 kroner. 

Vi legg ut fleire billettar enn vanleg, men nøl likevel ikkje med å sikra deg billettar i god tid. 

Enklaste måten å tinga billettar er ved betaling til vår konto 3633.31.79568.  Alternativet er å reservera billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no.  Du kan og vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim - # 95680.

Konserten startar klokka 18, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt frå klokka 17.

Vel møtt til ein arrangement utanom det du vanlegvis får oppleva på Lyngheim. 

Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Torsdag, juni 28, 2018 - 18:00