Kultur | 17. jan. 2020

Oseana i ny podcast

Tredoblar direktesendingane og stiller opp i podcast som blir lansert i neste veke.

Oseana i ny podcast
Då OseanaLIVE sendte Eva Weel Skram direkte i haust, gjekk konserten ut til over 100 institusjonar. (Foto: Oseana)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. jan. 2020 12:58

Kavlifondet viderefører og aukar støtta til OseanaLIVE dei neste to åra.

Dette gjer at Oseana i 2020 kan overføra heile 16 produksjonar til helseinstitusjonar over heile landet, mot 5 i 2019.

• Les òg: Frå Oseana direkte til over 100 institusjonar (oktober 2019)

– Alle skal med! seier ein stolt direktør Ole Tobias Lindeberg.

På same måte som skuleprogram og seniorprogram, handlar også strømmeprogrammet om å få mest mogleg ut av ressursane.

– Vi ønskjer at flest mogleg skal få oppleva framsyningane, kunsten og kulturen, fordi det gjer samfunnet vårt betre. Kulturopplevingar er bra for helsa vår, seier Lindeberg.

Rause artistar

Det å sende levande biletoverføringar kan aldri erstatta konsertopplevinga, men det vil vera med å bidra til at det publikummet som elles ikkje har moglegheit, likevel kan oppleva framsyninga der dei er.

– Oseana Kunst og Kultursenter er eit regionalt kulturhus, og vi har såleis eit ansvar for å gje tilbake til samfunnet rundt oss, seier Lindeberg.

– Vi er glade for at dagens webteknologi gjer det mogleg å overføra lyd og bilete direkte via strømming på internett, og er takksame for at artistane stiller opp og gjev dette i gåve til institusjonane.

– Ei glede å støtta

OseanaLIVE er eit non – profitt prosjekt, og dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen, har mykje godt å seia om dette som er blitt eit viktig tiltak også hos dei.

- Det er med stor entusiasme og glede at Kavlifondet vidarefører støtta til OseanaLIVE.

– Det er motiverande å følgja prosjektets utvikling. Gjennom nyskapande bruk av teknologi gir OseanaLIVE stadig fleire menneske unike kulturopplevingar som dei elles ikkje ville hatt moglegheit til, seier Iversen.

Oseana med i ny podcast

23. januar lanserer Kavlifondet sin nye podkast «Tech, håp og kjærlighet».

Hovudgjestane i podkasten brenn for å gjera verda til ein betre stad, og har dedikert store delar av liv og arbeidskvardag til dette arbeidet.

- Her er engasjerte grûnderar og dyktige fagekspertar som gjer verda til ein betre stad gjennom teknlogoi, innovasjon og gode idear, seier Inger Elise Iversen.

- Vi ville gjerne ha med Oseana og direktør Ole Tobias Lindeberg, for å fortelje om OseanaLIVE prosjektet og samanhengen mellom kultur og helse.

I kvar episode blir eit nytt prosjekt introdusert , prosjekt som har fått støtte av Kavlifondet for sitt arbeid innan barn og unges psykiske helse, nedkjemping av einsemd og utanforskap, og hjelp til vanskelegstilte. Oseana sitt strømmeprosjekt er eit slikt prosjekt, som gjev kulturmoglegheiter til menneske på institusjonar, som dei elles ikkje ville hatt.

I podkasten får ein også høyre rørande historier frå dei som har fått hjelp takka vere hovedgjestanes dedikerte arbeid og nytenkande løysningar.

- Her ligg heile motivasjonen for prosjektet, seier Lindeberg, vi får tilbakemeldingar frå institusjonane om at framsyningane gir glede i pasientkvardagen og det er jo difor me gjer det. Det er eit vinn vinn prosjekt, avsluttar han.

Kavlifondet si podcastsatsing

• Podkasten er ein del av Kavlifondets nye satsing på å fremma effektiv bruk av teknologi for å forsterka effekten i samfunnsnyttige prosjekt.

• Podcast-serien består av sju episodar, éin per veke frå 23.januar.

• Den blir produsert av Vrang produksjon, kjent for podkaster som Noia, Ida med hjertet i hånden og Mamma jobber.

• Programleiar er Karoline Enoksen frå Vrang Produksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.