Kultur | 13. okt. 2010

- Oseana krev småpengar

Komponist Glenn Erik Haugland meiner Os kommune ikkje bruker for mykje pengar på kultur, Oseana inkludert.

- Oseana krev småpengar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. okt. 2010 07:47

Komponist Glenn Erik Haugland frå Os er varamedlem i driftsstyret i Oseana KF. Han reagerer på det han kallar eit skremmebilde som har blitt teikna av den økonomiske situasjonen til byggeprosjektet på Mobergsneset.

- Enkelte politikarar og debattantar skriv om summane som om dei er store, og pressen hiv seg på.

- Oseana kjem til bli ei stor gåve til innbyggarane i Os, både når det gjeld oppvekstvilkår, kulturtilbod og arbeidsplassar. Men kommunen sitt bidrag er svært lite i forhold til storleiken på vekstkommunen vi bur i, meiner han.

- Det blir feil å setja satsinga på Oseana opp mot andre oppgåver i kommunen - ein kommune må alltid ha fleire tankar i hovudet samtidig og ivareta oppgåver innan både eldreomsorg og skule parallelt med næringsutvikling. Bygginga av Oseana er både god næringsutvikling og god stadsutvikling!

Andre investerer meir
I Bodø blir det bygd kulturkvartal til 1,2 milliardar kroner. Prosjektet skal stå ferdig i 2014.

- Bodø kommune har berre drygt det dobbelte innbyggartalet som Os og Bodø har eit svært lite nedslagsfelt utanfor kommunegrensene. Vi har heile Bergen og fleire andre kommunar!

- Likevel tar Bodø kommune opp lån på rundt 200 millionar kroner for å finansiera sin del av prosjektet. Og Bodø er ikkje eineståande, fleire plassar rundt om i landet investerer kommunane no meir i kultur.

Timing, vekst og hjerneflukt
Haugland fortel om rapportar som viser at kulturnæringa på verdsbasis er blant dei mest veksande. Blant anna skal ein rapport levert næringsdepartementet i mai ha vist at Innovasjon Norge får fleire arbeidsplassar igjen ved å investera i kulturnæringa enn i for eksempel industri.

- Vi har mange kloke og kreative hovud her på Vestlandet, men dessverre har dei langt fleire arbeidsplassar å velja mellom på Austlandet. No er det viktig at vi i Hordaland satsar på kunnskapsbasert næring og unngår vidare hjerneflukt over fjellet, seier komponisten.

- Sånn sett er timinga for Oseana perfekt. Opplevingar innan film, media, musikk, kunst og scenekunst er ei stor og veksande næring, undersøkingar viser at vi bruker ein større del av lønningane på opplevingar enn før. Med Oseana får vi ein arena få kan matcha, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.