Lokal | 06. nov. 2020

Oseana stenger i over to veker

Kulturskulen blir einaste aktivitet. Har du billett som du ikkje får brukt?

Oseana stenger i over to veker
Oseana stenger i kveld og held stengt til og med 23. november grunna nye smittevernreglar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. nov. 2020 16:16

Då regjeringa i går la fram nye anbefalingar og krav, såg det ut som om Oseana kunne halda fram som før, med inntil 200 gjestar.

Men då Bjørnafjorden kommune, saman med Bergen og seks andre omliggande kommunar, i dag la fram nye forskrifter, inkluderer desse eit makstal på 20 personar, uavhengig av om det er offentleg lokale er profesjonell aarrangør.

Det fører til at Oseana stenger for publikum.

– Det er med tungt hjarte at stenger både Oseana kunst- og kultursenter og Oseana kafé og restaurant, seier Veronica S. Halhjem.

Oseana stenger fredag ved midnatt og fram til og med måndag 23. november. Alle arrangement i denne perioden blir avlyst.

Einaste unntak er kulturskulen, som driv vidare som vanleg.

– Alle som har kjøpt billett til dei berørte arrangementa vil bli kontakta av Oseana per epos, telefon eller tekstmelding.

Arrangement etter 23/11 går i utgangspunktet som planlagt.

Blant arrangementa som utgår er NM i brettspel, konsert med Bjørn EidsvågTilslørte Bondepiker og Vinskvetten, teater, foredrag, vinsmakekveld og yoga.

Konserten med Eidsvåg skulle vore streama. I staden sende Oseana reprise av konserten med Lindesnes Trekkspillklubb til helseinstitusjonar over heile landet.

Om alt går som planlagt etter 23. november står Sivert Høyem, Håvard Skaatun, Fonos, Helene Bøgsle, Latter Live og Vidar Johnsen for tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.