Stipendmottakar Berit Osmundsen med styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert. (Foto: Simen Bjørgen)

Oselvar-Berit fekk stipend på 50.000 kroner

Båtbyggjar Berit Osmundsen er i dag tildelt Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Berit Osmundsen har, med sin iver og entusiasme, blåst nytt liv i båtbyggjartradisjonen i Os i Hordaland, skriv Kulturminnefondet i ei pressemelding i dag.

Torsdag fekk ho stipend frå Kulturminnefondet. Grunngjevinga er den store innsatsen som ho gjer for å setja søkelyset på trebåtar generelt og oselvar-båten spesielt.

Osmundsen fekk stipendet på 50.000 kroner under Forbundet Kystens konferanse «Båtar, tradisjon og innovasjon», og det var Per Kyrre Reymert, styremedlem i Kulturminnefondet, som sto for tildelinga.

Vil skapa gode haldningar

Stipendet kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som formål å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg, og å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Med entusiasme og iver

Berit Osmundsen er til daglig båtbyggjar og fagleg ansvarleg ved Oselvarvekstaden i Os, sør for Bergen.

• Les òg: Ny sjef på Oselvarverkstaden

Det er Margunn Lyhammer som har nominert Osmundsen, og i nominasjonen står det:

«Berit er levande oppteken og entusiastisk for alle deler av faget sitt. Ho har med stor entusiasme dei siste åra gjort sitt for å blåse nytt liv i engasjement rundt trebåtar generelt, og Oselvar-båten spesielt. Hennar evne til å formidla, og entusiasmen omkring faget har smitta over på mange i og rundt Os. Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt, og Berit formidlar med stor iver både historia og dagens bruk av båten, og er ein stolt del av båtbyggjartradisjonen ved Oselvo».

Tidlegare mottakarar

Tidlegare stipendmottakarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend er Else «Sprossa» Rønnevig, forfattar og bygningsvernar, Erik Alfred Tesaker, fabrikkdirektør ved Handverksfabrikken, også kjent fra NRKs serie «Oppfinneren», Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke og Bror Ivar Salamonsen, tømrar ved RiddoDuottarmuseat i Karasjok.

Fleire saker