Båtbyggarar, ordførar og dagleg leiar i Oselvarverkstaden under overekkinga i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Oselvarverkstaden er Miljøfyrtårn

Prosessen er omfattande, men gjekk fort for akkurat denne kandidaten.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Stiftelsen Miljøfyrtårn blei danna 13. november 2003, og tilbyr miljøsertifisering som hjelper private og offentlege verksemder å driva lønsamt og miljøvenleg. Miljøfyrtårn er eit norsk, offentleg sertifikat. Ordninga blir støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.

I dag fekk Oselvarverkstaden overrekt sertifikatet som beviser at verksemda er eit Miljøfyrtårn.

– Det er 6000 verksemder i 80 ulike bransjar som er Miljøfyrtårn frå før. I Os har vi blant anna andre kommunaleigde selskap, som Oseana, og fleire private Miljøfyrtårn, sa ordførar Terje Søviknes under overrekkinga.

– Nokre ser det som eit konkurransefortrinn, nokre merker hyggelege biverknadar, som til dømes lågare utgifter. Det er uansett gledeleg at stadig fleire viser dette samfunnsansvaret.

Blant dei raskaste

«Det skulle berre mangla», meiner du kanskje om verkstaden som bygger tradisjonasbåtar av tre på gamlemåten. Prosessen er omfattande, og inkluderer alt frå arbeidsmiljø og innkjøp til bruk av kjemikalier. Den var likevel forholdsvis rask.

– Vi fekk tilbakemelding frå dei som sertifiserte oss om at berre éi bedrift i Hordaland som har klart det på kortare tid, seier dagleg leiar Vidar Langeland.

Oselvarverkstaden er òg truleg den første i Os som får skilt også på engelsk.

– Det passar oss bra! Årsaka til at vi blei bevisste på å gå for å bli sertifiserte var nettopp dette med turisme. Vi var på ei samling for andre som driv med ein kombinasjon av produksjon og turisme, som fortale kor medvitne spesielt amerikanske turistar var på dette med bærekraft og miljø, og at det er til hjelp å ha eit sertifikat som dette å visa til.

Lærerik prosess

Langeland legg til at han synest prosessen har vore interessant og lærerik.

– Det er mykje fokus på arbeidsmiljø, og denne delen var ekstra interessant og lærerik, med gode verktøy til bruk i vidare arbeid med å halda dialog mellom leiing og tilsette.

Styreformann Norvald Skåtøy la til at han var glad for initiativet, og at verkstaden frå før har vore god på HMS/HMT (helse, miljø og tryggleik), noko som blant anna har ført til innkjøp av nytt verktøy.

Oselvarverkstaden bruker litt kjemikalier til overflatebehandling, men no for tida blir fire av fem båtar selte ubehandla fordi kunden vil gjera dette sjølv. Verkstaden har elles brukt tetningslister for å gjera enkelte dører mindre trekkfulle, og sett på prosessen frå hogst og transport til produksjon og levering.

Elles fortel verkstaden om ingen utslepp til verken luft eller vatn, og lite avfall.  

– Når det kjem til avfall har eg eit ønskje. Vi har ambisjonar om å kjeldesortera, men har ikkje lykkast i å få tak i ulike konteinarar. Vi har retta oss til kommunen og Bir, og håper vi snart får ei ordning på dette.

Til no i år har Osevlarverkstaden levert to båtar og har tre i produksjon. Alle produserte på bestilling. Blant dei tre i produksjon er to seksæringar og ein færing med fire bord (ja, det er likevel ein oselvar).

Fleire saker