Kultur | 03. des. 2016

Osfest blir i sentrum

No er det avgjort. Osfest blir i sentrum i 2017, men flyttar truleg i 2018. Datoen blir neste år endra for ikkje å øydelegga for Robbie Williams.

Osfest blir i sentrum
Osfest blir på grusplassen mellom kyrkja og ungdomsskulen i 2017, men flyttar truleg i 2018. (Foto: KVB)
Andris Hamrelørdag 03. des. 2016 08:01

Etter årets Osfest har det gått ein diskusjon blant arrangørane på om det er rett å arrangera festivalen i sentrum, eller om dei i staden skulle flytta den til ein annan stad i kommunen.

– Det er rett at vi har sett på og diskutert både Nore Neset og Kuventræ som aktuelle stader, men etter gode samtale med ordføraren, andre gruppeleiarar og administrasjonen har vi kome fram til at vi også i 2017 arrangerar Osfest på grusbanen i sentrum, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Truleg Kuventræ i 2018

Hylland fortel at dei har vurdert begge dei andre stadene som eigna, men at dei fell ned på sentrum i år.

– På Kuventræ kjem det til å vera ein byggjeplass med den nye hallen til neste år, det vanskeleggjorde det å flytta festivalen opp der i 2017, men truleg blir festivalen flytta opp der i 2018.

– Då skal etter planen nemleg kommunen starta arbeidet med å byggja om det gamle badet ved ungdomsskulen, så då er det i sentrum det er ein byggjeplass, forklarar Hylland.

Artistane treng å veta

Ein av grunnane til at han planlegg så langt fram allereie no, er at han må ha staden klar før han kan booka artistar.

– Vi er i god dialog med fleire aktuelle artistar og managementa deira, så vi har nok eit bilete av korleis festivalen kan bli til neste år, men førebels er det for tidleg å gå ut med det. No konsentrerer vi oss heller om festen lille nyttårsaften på Nore Neset med Rotlaus, Byting og Mighty Magnolias.

Flyttar datoen

Ei anna nyhende er at festivalen blir flytta ei veke i tid.

– Vanlegvis har vi festivalen første helga i august, men for at vi ikkje skal øydelegge for Robbie Williams, som skal spele i Bergen den helga, har vi beslutta å flytta festivalen til fredag 11. og laurdag 12. august. Då kan folk få med seg både Robbie Williams og artistane vi hentar til Os, avslutter Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.