Kultur | 10. aug. 2017

Osfest bygger eigen «restaurant»

– Det blir som eit VIP-område, men ope for alle med ordinære billettar, seier Hylland.

Osfest bygger eigen «restaurant»
Dette 162 kvadratmeter store teltet blir med servering av mat og drikke på flasker. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. aug. 2017 10:04

Bildeserie:

Frå rigging av scene onsdag. (Foto: Jan Vidar Alnes, Osfest)
Frå rigging av scene onsdag. (Foto: Jan Vidar Alnes, Osfest)
Tor Egil Hylland har fått rigga eige telt til matservering. (Foto: KVB)
Tor Egil Hylland har fått rigga eige telt til matservering. (Foto: KVB)
Jan Vidar Alnes tok Midtsiden med i høgda. (Foto: KVB)
Jan Vidar Alnes tok Midtsiden med i høgda. (Foto: KVB)
Baren blir i motsett kortende som scenen. (Foto: KVB)
Baren blir i motsett kortende som scenen. (Foto: KVB)
Tysdag starta rigginga av scenen. (Foto: KVB)
Tysdag starta rigginga av scenen. (Foto: KVB)
Onsdag var dei frivillige godt i gang. (Foto: KVB)
Onsdag var dei frivillige godt i gang. (Foto: KVB)
12-16 personar jobbar fleire dagar for å få scenen opp. (Foto: KVB)
12-16 personar jobbar fleire dagar for å få scenen opp. (Foto: KVB)
Riggsjef Jon Inge Keskitalo frå Bright. (Foto: KVB)
Riggsjef Jon Inge Keskitalo frå Bright. (Foto: KVB)
Tommy Hjelle, Lisa S. Øvredal og Kristina S. Storebø. (Foto: KVB)
Tommy Hjelle, Lisa S. Øvredal og Kristina S. Storebø. (Foto: KVB)
1 av 9

Søndag var den første starten på rigginga til årets Osfest, frå tysdag har det vore ei maurtue med frivillige, ikkje minst i samband med bygging av scenen.

– Med eit mannskap på 12 til 16 plar det gå to dagar å rigga. Det går fint å ha med seg amatørar, så lenge eg har styringa og sjekker at alt er gjort rett før vi tar neste trinn, seier riggsjef Jon Inge Keskitalo frå Bright.

Scenen er 16 x 16 meter. Andre artistar som har spelt på denne scenen i nyare tid er Aurora, Åge Aleksandersen og The Weeknd.

– Det blei 11 timar i går, men det går bra. Vi har det sosialt og kjekt mens vi jobbar, seier Lisa Sjåstad Øvredal, som deltar som frivillig under Osfest for første gong.

Venninna Kristina Sørås Storebø har vore med tidlegare.

– Då har eg blant anna stått i baren. Å rigga scene er også kjekt! Det såg vanskeleg ut i starten, men er eigentleg ganske logisk.

Skjerma for sol og regn

Vêrmeldingane til Osfest, som startar i morgon, har vore noko vekslande. I skrivande stund er det meldt 15 gradar, overskya og 0 til 1,4 mm nedbør fredag.

Laurdag skal starta med regn, men på ettermiddagen er det meldt 16 gradar og sol, ifølgje Yr, mens Storm meiner det er fare for 0,9 mm nedbør også laurdag kveld.

– Anten det kjem sol eller regn - i år har vi droppa å ha eige VIP-telt nede ved Kløvertun, i staden har vi fått eit større telt oppe på konsertområdet. Dette blir ope for alle, vi har ingen VIP-billettar i år, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Teltet er 18 x 9 meter (162 kvm) og får plass til rundt 150 sitjande gjestar. I tillegg kjem bord og stolar utandørs, langs teltet.

I teltet, og eit avsperra område rundt teltet, har du lov å sitja med flasker og ekte glas å drikka i. Vi du ha med deg proseccoen nærmare scenen blir den skjenka opp i plastglas.

Kan få fleire tak

I teltet blir det eigen disk med sal av mat, mens det i enden av baren i teltet på motsett kortside som scenen blir ein eigen flaskebar.

Barteltet er på 6 x 24 meter.

I hjørnet ned mot Kløvertun, der det tidlegare har vore sal av mat, står det no heilt ope.

– Om leverandøren vår, som kjem frå Etnemarknaden og Sildajazzen, har fleire ledige telt nærmare helg, er det mogleg at vi riggar eit ope, tomt telt også i dette hjørnet. I så fall blir det utan innreiing og servering, berre som ein plass å stå under tak, seier Hylland.

• Midtsiden samleside: Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.