Osfest-fredagen på 7 minutt
Sjå stor bildeserie og video frå Osfest-fredagen. Folk kom, gjekk og kom. Omlag 2000 var innom portane fredag.
Bildeserie:
Med start i teltet allereie klokka 1430 blei det ein lang Osfest-fredag på dei mest stanhaftige. Diverre var det ikkje så mange av dei, noko som talentane i Hear me roar blei skadelidande av då dei opna ballet i VIP-teltet. Eindel funksjonærar og nokre få gjestar fekk likevel med seg bandet og gav strålande tilbakemeldingar.
Neste ut i teltet var Trine Rein, som i starten berre hadde 76 å spela for, men det kom seg når cruiset la til kai igjen og det blei etterkvart ei akseptabel mengde som fekk med seg både gospel og monsterhiten "Just missed the train".
Trekk alltid folk
På hovudscenen var det Vamp som fikk æra av å opna årets Osfest. Ein genistrek frå arrangørane si side. Vamp trekk alltid folk på Os, så også denne gongen. Om Midtsiden ikkje har rekna heilt feil er dette sjette gongen bandet spelar på Os, og dei fleste av dei 2000 som var innom dørane fredag var der då Vamp gjekk på scenen.
Bandet er røynde, men scenen blei rett og slett for stor for dei. Vi har sett dei betre.
Showman-Alnæs
Ein som takla den store scenen var tidlegare Dance With a Stranger-medlem Frode Alnæs, som tidlegare på kvelden skal ha levert eit forrykande show på festivalcruiset.
Alnæs fleipa, showa og ikkje minst spelte på alle dei strengane han hadde til publikum sin store fornøyelse. Det er ikkje utan grunn at han blir omtala som ein av Noregs beste gitaristar.
Dyktig, men litt for roleg
Suzanne Vega var eigentleg satt opp til å avslutta kvelden, men ønskja å spele tidlegare enn ved midtnatt. Det var nok eit heldig val, både for ho og arrangørane. Denne konserten var nok den det var færrest folk på grusplassen ved ungdomsskulen, men den amerikanske artisten viste likevel kva ho hadde å by på og lot dei standhaftige sjølvsagt få hiten "Luca" mot slutten av konserten.
Kunne fleire
Nik Kershaw er nok mest kjent for "Won't let the sun go down on me", ei låt osfest-publikummet blei med på allsang på. Men som ein kommenterte til Midtsiden.
– Han hadde jo fleire låtar eg kunne. Dette var kjekt.
Om ikkje alle var hans eigne, så viste han og bandet at dei er dyktige musikarar som fekk med seg publikum.
Kom tilbake
Sidan Suzanne Vega ikkje ville avslutta kvelden, så tok Odd Nordstoga på seg oppgåva. Igjen eit heldig val for arrangørane. Mange av dei som hadde tatt seg ei pause frå festivalområdet vente tilbake og fekk med seg både griser som hylar og mykje nytt materiell frå karen frå Vinje.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.