Kultur | 05. aug. 2014

Osfest på sju minutt

VIDEO: Sjå samandrag av Osfest 2014.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. aug. 2014 19:32

VIDEO: Her er eit samandrag på drygt sju minutt av Osfest 2014. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, klipp: Andris Hamre, midtsiden.no)

I helga blei Osfest arrangert for første gong (sjå bildeserie frå fredag og laurdag).

Festivalen samla rundt 1000 gjestar fredag og 2000 laurdag, i tillegg til ulike festivalcruise og barneteater på Oseana på dagtid laurdag.

Laurdag blei festivalen og resten av Osbygda utsett for fleire ekstreme regnbyger, lyn og torden, men publikum blei verande, auka på i mengde og gav Osfest ei flott avslutting med Dumdum Bos som siste band.

Delar av opptaka våre er med svekka lyd, og dei lokale artistane Orbo og Gina er dessverre ikkje med då Midtsiden-redaksjonen måtte ta eit avbrekk for å tørka fotoutstyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.