Osfest-programmet er komplett
Med Blest, som består av dei tidlegare Vamp-medlemmane Paul Hansen, Torbjørn Økland og Calle Apeland, er Osfest 2017 komplett.
Siste band som lanserast for Osfest 11. og 12. august er Haugesund-bandet Blest, som 1. april hadde releasekonsert i Festiviteten i Haugesund.
Blest består mellom anna av dei tre tidlegare Vamp-medlemmane Paul Hansen (sang, gitar), Carl Øyvind Apeland (bass) og Torbjørn Økland (gitar).
– Blest leverte ein fantastisk konsert og vi er stolte av å få dei til Osfest 12. august med fullt band.
– Hadde det ikkje vore for at dei må starta på nytt med eit nytt merkenamn, hadde nok Blest allereie vore ein garantert folkekjær suksess. Dei som har følgd Vamp vil nok kjenna att musikkstilen, seier Tor Egil Hylland, festivalsjef for Osfest.
Same tekstforfattar
Mange av tekstane til Blest er skriven av Ingvar Hovland, mannen bak tekstar som «Månemannen» og «Liten fuggel». Ein anna som har bidrege på tekstsida er Guate Sortland frå Bergen Mandolinband.
– Dei har også satt melodi til Inger Hagerup sin «En liten vise», som nesten høyrast ut som om den var skriven for å bli behandla av Blest, fortel Hylland.
Solid backing
Med seg på fele har Blest både Marie Klåpbakken og Nils Økland. I bandet er også Geir Sundstø og Erland Dahlen. Thom Hell har produsert, og deltek, på plata til Blest.
– Den aller finaste låta er nok «I dine sko», ein tekst som høyrast ut som om den stikker litt djupare enn resten, avsluttar Hylland, som òg fortel om ei 40 % auke i billettsalet per 1. mai samanlikna med 2016.
Desse speler på Osfest
Årets program for Osfest ser slik ut:
Fredag 11. august
- Testpilot
- Kream
- Unge Ferrari
- Jesper Jenset
- Julie Bergan
- Madcon
Lørdag 12. august
- Majorleap
- Mighty Magnolias
- Blest
- Postgirobygget
- Erik og Kriss
- TNT
Midtsiden samleside: Alt om Osfest