Osfest slepp første namn
Sensasjonen Sondre Justad skal berre spela éin konsert i bergensområdet neste sommar.
Han kom med første singel, «Nu har du mæ», i 2014. I 2018 sleppte han sitt andre album. Sondre Justad (28) frå Lofoten har selt singlar til gull og platina, og debutalbummet hans, «Riv i hjertet», låg på VG-lista i over eit år.
– Eg har sett han live fleire gongar, seinast for full plen i 18-tida på ettermiddagen under Bergensfest i sommar, seier festivalsjef for Osfest, Tor Egil Hylland.
– Han lager god og populær musikk, og har i tillegg publikum i si hule hand.Det er vilt og vakkert på same tid.
Ved sidan av god kritikk i mange aviser, og tre nominasjonar til Spellemannprisen, blei han i 2016 nominert som årets liveartist av P3 Gull.
– Med store hits som «Ikke som de andre», «Riv i hjertet» og «Tida vi bare va» har Justad verkeleg tatt sin plass på den norske pop-himmelen. Med så store hits, og eit liveshow utan sidestykke, kan Osfest-publikummet allereie byrja å gle seg til festivalen i Os 9. og 10. august neste år.
Einaste i bergensområdet
Sondre Justad selde ut årets storbyturné på rekordtid, og alle billettane vart rivne vekk før turneen hadde starta.
Osfest har sikra seg litt eksklusivitet, og blir einaste festival i bergensområdet som kan by på Justad neste sommar.
Sondre Justad skal på scenen fredag klokka 21 under Osfest.
Legg ut dagspass
Osfest var rekordtidleg ute med pass til neste års festival då dei, allereie fredag 17. august, la ut første bunke.
Over 20 pass blei selt på få dagar, i dag legg Osfest også ut dagspass til «early bird»-pris.
Osfest sitt neste arrangement er allereie i år, vesle nyttårsaftan-konserten i Nore Neset Aktivitetshus, der Gunslingers, Untouchablues og Vetrhus Bluesband skal på scenen.
• Arkiv, bildeseriar og videoar: Sjå Midtsiden si samleside om Osfest