Kultur | 06. mars 2014

Osfest slepp tre nye namn

Det norske bandet Jim Stärk er klare for Osfest, som i dag hadde ei veldig vellykka samling i Oseana.

Osfest slepp tre nye namn
Jim Stärk. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mars 2014 21:14

Bildeserie:

Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel. (Pressefoto)
Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel. (Pressefoto)
I Fjellheim i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I Fjellheim i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel. (Pressefoto)
I Fjellheim i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

VIDEO: Morning Songs av Jim Stärk.

Torsdag kveld hadde Osfest samling i Oseana for frivillige, og folk med interesse for å ta i eit tak under første versjon av den nye festivalen.

– Det var veldig vellykka, restauranten var smikkfull og nesten halvparten av dei som kom var nye ansikt, fortel Ole Reinert Berg-Olsen, musikar og ein av initiativtakarane til Osfest.

Det betyr at dei 300 kanskje snart blir til 500 frivillige, slik Osfest har ambisjonar om.

– Vi opplevde samlinga som veldig positiv og Margit Vangdal heldt eit strålande innlegg.

Sleppte tre namn

Samtidig sleppte Osfest tre nye namn til første festival, første helga i august i år; Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel speler saman på Osfest.

– Steinar spelte sin første konsert i Os på Madam Ane i 1984, og var saman med Jørn Hoel i Fjellheim under Osøren Blues & Jazzfestival for 8 år sidan.

– Han gler seg veldig til å koma tilbake, seier Ole, som også har hatt Steinar med seg på sitt første norske album.

Frå før er Dumdum Boys, Eirik Søfteland og Gina Aspenes klare for Osfest.

Stärk til Os

I tillegg til den kjente duoen Steinar og Jørn kjem det norske bandet Jim Stärk til Os.

Namnet på bandet er henta frå James Dean sin rollefigur Jimmy Stark i filmen Rotløs Ungdom.

Bandet, som består av Einar Stokke Fadnes og Inge Sørbrøden, blei nominert til Spellemanssprisen for debutalbumet Ten Songs And Hey Hey i 2002, men fekk gjennombrotet sitt med Morning Songs (2004).

EP-en med Morning Songs blei den mestseljande EP-en i Noreg gjennom alle tider.

Deira ferskaste album heiter Rainy Love Sounds (Sweet Recordings 2011).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.